Hopp til innhold

Beklagar etter «respektlaus» verdsrekord – ville gjere som Bolt

Letsile Tebogo (19) gjorde konkurrentane til statistar, showa over målstreken og fekk 9,91 sekund på 100 meter til å sjå ut som ein leik. No har sjølv Usain Bolt sperra opp auga for supertalentet frå Botswana.

Letsile Tebogo med Bolt-tweet

STORTALENT: Letsile Tebogo er U20-verdsmeister på 100 meter for andre år på rad. Her er han i Nairobi i Kenya.

Foto: SIMON MAINA / AFP

Det har gått gjetord om Tebogo sidan han byrja å slette aldersrekordar i vårsesongen, men no er sjølv Bolt på vakt.

Sprintaren frå Botswana sette den første U20-verdsrekorden sin på 100 meter med 9,96 i april, før han forbetra han i VM i Eugene til 9,94 sekund.

Men det er scenene frå finalen i U20-VM som for alvor har sett han på kartet. Snautt 25 meter før mål løfta han peikefingeren og vifta den frenetisk mot tribunen og konkurrentane.

Han slo openbert av farten, men sprang likevel det beste løpet i historia for ein utøvar under 20 år: 9,91 sekund. Bolt verka å like det han såg. Han var raskt ute med ei melding på Twitter:

«Junior-VM, eg følgjer med»

– Beklagar

Tebogos gjennomføring og feiring var som drege opp av Bolts lærebok:

– Dersom nokon oppfatta det som respektlaust, beklagar eg. Eg såg fansen og det var slik at alle som såg på heimanfrå kunne nyte løpet og minne dei litt om kva Usain Bolt gjorde for nokre år sidan. Han er idolet mitt og den eg ser opp til, seier Tebogo til World Athletics.

– Eg skjønte at tittelen var min frå første steg. Eg brydde meg ikkje om tida. Eg såg ikkje, seier Tebogo.

Botswanaren meiner han kunne sprunge på 9,80 sekund om han heldt fokus heile vegen.

TB

REKORDRASK SOM UNGDOM: Trayvon Bromell var innehavar av den førre U20-rekorden. Han tok VM-bronse i Beijing i 2015 og i Eugene i 2022.

Foto: ANDREJ ISAKOVIC / AFP

Før sesongen tilhøyrde U20-rekorden på 100 meter Trayvon Bromell. Amerikanaren var den første junioren som braut 10-sekundersbarrieren då han sprang på 9,97 sekund i 2014. For snautt tre veker sidan tok han VM-bronsen i Eugene, der Tebogo rauk ut i semifinalen.

– Supertalent

John Ertzgaard konkurrerte i EM og VM på sprintdistansane rundt tusenårsskiftet. Han meiner dei genetiske føresetnadene – gitt dei raske tidene i så ung alder – må vere heilt på topp. Det store spørsmålet er kor mykje han har å ta av.

– Dette er eit supertalent, slår Ertzgaard fast overfor NRK.

Dersom han skal utfordre Bolts tider på seniornivå, meiner Ertzgaard han er avhengig av at trenarane ikkje har forsynt seg for grovt av verktøykassa allereie i ung alder.

– Mange har byrja å trene avansert i 16- og 17-årsalderen, og så klarer dei å halde på utviklinga til dei er 20–21 år. Men då kjem dei som ikkje har gjort det, og då held dei ikkje følgje lenger, seier Ertzgaard.

NM Friidrett 2020

TJALVE-LEIAR: John Ertzgaard er no idrettsleg leiar i Tjalve. Døtrene hans, Kaitesi og Lakeri, er teke ut i den norske EM-troppen.

Foto: Fredrik Hagen / NTB

Han siktar mellom anna til systemet i USA, der satsinga blir profesjonalisert i ein ung alder gjennom vidaregåande skule og universitet. Fire av dei ti raskaste U20-løparane er amerikanarar. Berre Bromell klarte å forbetre den personlege rekorden sin i senioralder.

– Dei køyrer på frå tidleg alder og utan eit langtidsperspektiv. Målet er at dei skal ta av.

Samtidig meiner han at det kan vere grunn til å tru at Tebogo har endå meir å hente, nettopp fordi han ikkje ber preg av at han framleis har ting han kan trene.

– Når eg ser på han, ser eg ikkje ein som har vore mykje i vektrommet. Han ser eigentleg ut som kva 19-åring som helst. Han ber til dømes ikkje preg av å ha vore mange timar på vektrommet.

Onsdag løp også Tebogo inn til tida 19,98 i kvalifiseringa på 200 meter under U20-VM. Tida var den beste i kvalifiseringa og meisterskapsrekord.

– Sprintar for framtida

Kor vidt han på eit tidspunkt kan yppe seg med Bolts 9,58 sekund på 100 meter, er han usikker på. Men han kjenner seg trygg på at det kjem til å gå fortare enn 9,91.

– Det er vanskeleg å seie om dei har teke ut veldig mykje i ung alder. Eg trur han har mykje å gå på. Eg trur han er ein sprintar for framtida. Han er avhengig av å komme i rette hender og som tenkjer litt langsiktig.

Letsile Tebogo startar studium ved Universitetet i Oregon i VM-byen Eugene til hausten. Planen er at han skal konkurrere for dei som collegeutøvar dei neste sesongane.

Siste nytt

  • Storhamar knuste Vålerenga

    Storhamar var klart best og vant den tredje kampen 4-1 i NM-finaleserien mot Vålerenga.

    Laget fra Hamar leder nå 2–1 i kamper, og mangler to seire på å sikre seg kongepokalen.

    Storhamars Sverre Rønningen ble kampens store spiller med to mål for vertene.

    NM-sluttspillet ishockey menn, finale 1. kamp (best av 7), Storhamar -Vålerenga (5-1)
    Foto: Lise Åserud / NTB
  • Norsk hockey-tap i Ungarn

    Norge tapte 1–2 mot Ungarn i en privatlandskamp i ishockey fredag kveld.

    Viktor Granholm scoret Norges mål i overtall i det som NTB omtaler som en kamp som «ikke vil bli husket lenge».

    Norge møter Ungarn til ny kamp lørdag.

    Ishockey, treningskamp: Norge-Frankrike (3-4)
    Foto: Alf Simensen / NTB
  • Lyn vant etter kjempetabbe

    Lyn tok sesongens første seier da LSK Kvinner ble slått 1–0 i Toppserien fredag kveld.

    Kampens eneste scoring kom etter en fæl tabbe fra LSKs forsvarsspiller Camilla Huseby. Hun spilte ballen rett i beina til Lyns Jenny Røsholm Olsen, som vippet ballen over keeper og i mål.

    Lyn står dermed med fire poeng på fire kamper, mens LSK Kvinner står med to seirer og to tap etter fire runder.

    Toppserien i fotball 2024: Portretter av Lyn
    Foto: Fredrik Varfjell / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal