Som straffeskyttar nummer ni på lista, gjekk han fram, og bomma nok ein gong.
Finnen var fullstendig oppløyst i tårer etter missen, og det etterfølgjande nedrykket.
Sjølv vil ikkje trenar Eirik Horneland ha noko av at Taylor var syndebukken. Det er mange som kjenner seg involvert i nedrykket, seier han, og innrømmer at det er brutalt tungt.
– Det er heilt jævlig. Du skammar deg litt og har eigentleg ilt i heile kroppen, rett og slett, seier Horneland til NRK.
«Heile Bergen lir»
Det er ein knust trenar som stiller opp i pressesona etter den elleville kampen mot Jerv. Etter 1–1 i ordinær tid vart det til slutt 4–4 etter ekstraomgangane, før det vart 7–8 på straffar.
– Du skammar deg når du går ned frå Eliteserien til 1. divisjon med Brann. Det er skamfullt. Eg trur heile Bergen lir, seier han.
Han meiner at kvalikkampen mot Jerv samanfattar Brann sin sesong i 2021. Det har vore mykje stong ut, mykje motgang og utur.
– Mykje har gått gale, så får vi sjå om vi får snudd det til noko positivt. Det er ein kamp vi skulle vinne forholdsvis greitt. Det er ganske surrealistisk, seier han.
20 millionar i tap
NRK-ekspert Carl-Erik Torp, har sjølv spelt i Brann, og er sjølvsagt prega etter kampen. Han tykkjer det han nettopp har vore vitne til er så sjokkerande at han ikkje veit kvar han skal starte.
– Det er heilt uforståeleg at det går an. Det er elendig og saknar sidestykke. Det seier at det er mykje i og rundt Brann og Bergen som er litt «kannibalistisk». Det er ein historie som er usannsynleg, seier han og held fram:
– Det er to lag som ikkje heng saman. Det er heilt utruleg å sjå korleis dei agerer og kor mykje svakt som skjer. Det er heilt sjokkerande, men vi let oss sjarmere av at det er kaos.
Han er spent på kva som skjer i 2022, og varslar at ein kan vente seg store endringar.
– Nedrykk betyr 20 millionar i kutt. Det er brutalt og det er mange som går ein utrygg tid i møte. Vegen er kort, men akkurat no er det blytungt, seier Torp.
Etter kampen, er han likevel klar på ein ting:
– Dette er Brann sin sesong i miniatyr. Brente sjansar, bom på straffespark. Det er så mykje som ikkje heng saman. Eg sit og ler og grin om kvarandre, avsluttar han.
Kjenner på tomheit
Brann sin styreleiar Birger Grevstad, slit med å finne orda etter den berg- og dalbana av ein kamp han nettopp har sett.
– Eg er utruleg lei meg. Slit med å setja ord på dette. Det er heilt forjævlig. Men det var ein fantastisk kamp, seier Grevstad til NRK.
Partileiar i Høgre, Erna Solberg, sat sjølv på tribunen i hovudstaden og følgde kampen med spente auge.
– Eg trur me alle kjenner ein viss grad av tomheit og tungsinn etter denne sesongen, seier Solberg til NRK.
Ho oppmodar Brann til å bita tenna saman og koma seg opp att i eliteserien i 2023.
– Eg var imponert over korleis ein klarte å koma tilbake i kampen i dag. Det var for lite effektivitet, men det er berre å jobba saman og stå på for å koma til eliteserien, avsluttar Solberg.
– Den verste sesongen
Eduardo «Doddo» Andersen, som er brannsupporter og programleiar i BT Ballspark, meiner ikkje at nedrykket er urettferdig.
– Dei har hatt mange mogelegheiter denne sesongen til å unngå kvallik. Dei hadde mange mogelegheiter til å avgjera under kampen, dei dominerte. Men dei hadde ikkje nervane på plass. Dette har vore den verste sesongen sidan klubben vart stifta i 1908, meiner Andersen.
Han trekk fram både kunstgrasskrangelen, trenartrøbbelet og nachspieltabben som eksempel.
– Det der det mest hjarteskjerande eg har sett som brannsupporter nokosinne, seier han.