- Gler meg til blodsmaken i munnen

Tarjei Bø har hatt ein knallsesong, og er svolten på meir. No ser han fram til hardtrening og blodsmak i sommar. Sjå skiskyttarsprinten frå kl 14.15.

Video NRK sport onsdag 17.03.11

Tarjei Bø

Suksessen i år gir lyst på endå meir hardtrening til sommaren, seier Tarjei Bø etter sin gode sesong

Foto: ALEXANDER DEMIANCHUK / Reuters

- Eg merkar at dei store treninsgsmengdene før denne sesongen har gitt gode resultat, og det er motiverande. No gler eg meg til treninga i sommar, seier Bø til NRK før verdscupavslutninga i Holmenkollen.

- Når eg ser kva eg fekk att for slitet i fjor sommar, skal eg prøve å dra det endå lenger og trene endå hardare denne sommaren. Det trur eg at eg skal tole, og då skal det gå enno betre neste vinter, legg Bø til.

- Så du gler deg verkeleg til blodsmaken i munnen i sommar?

- Ja, det gjer eg.

Bø leiar verdscupen samanlagt før konkurransehelga i Kollen. Men han får konkurranse: Lagkamerat Emil Hegle Svendsen ligg berre 75 poeng bak Bø før dei tre siste konkurransane, og også franske Martin Fourcade har ein liten sjanse til å vinne verdscupen.

Verdscupen blir avslutta i Holmenkollen med sprint torsdag, jaktstart laurdag og fellesstart søndag. Deretter er det NM i Målselv i slutten av månaden.

Video: Hegle Svendsen har ikkje gitt opp

Video Svendsen har ikke gitt opp å ta igjen Bø

20 x topp 10

Statistikken er oppsiktsvekkande: Av 23 individuelle konkurransar i verdscupen denne sesongen har Bø berre tre gongar hamna bak dei ti beste. 22-åringen veit kva han skal gjere betre til neste år.

- Eg er sterk i motbakkane, men eit stykke bak dei beste på dei lette partia i løypa. Der taper eg sekund når farten er som høgast. Så den konkrete oppgåva er å bli raskare på ski i lett terreng.

- Dersom eg kan heve meg der, kan det bli skummelt til neste vinter, seier Tarjei Bø.

Sjå mennenes sprint frå kl 14.15.

Siste nytt

  • Mathis Bolly klar for Molde

    Den hurtige 28-åringen gjør comeback i norsk fotball og skal spille for Molde den kommende sesongen. Den tidligere Lillestrøm-spilleren har vært klubbløs siden kontrakten hans med tyske Greuther Fürth gikk ut i fjor sommer.

    Bolly.
    Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB scanpix
  • Argentinsk motstander for Ruud

    Casper Ruud skal møte argentinske Carlos Berloq i sin 1.-rundekamp i ATP-turneringen i Rio de Janeiro. Kampen starter klokken 17 norsk tid tirsdag.

    ruud
    Foto: Daniel Bockwoldt / AFP
  • Klinsmann fikk 29 millioner

    Tyske Jürgen Klinsmann fikk et sluttvederlag på 29 millioner kroner etter at han fikk sparken som amerikansk landslagssjef, viser tall fra amerikanske skattemyndigheter. Det var i november 2016 at Klinsmann måtte gå etter at USA tapte for Costa Rica i VM-kvalifiseringen.

    Jürgen Klinsmann
    Foto: STRINGER / Reuters

Sendeplan

Kl. Program Kanal