NRK Meny
Normal

Bø om Fourcade-utspel: – Han har mange unnskyldningar om dagen

Martin Fourcades forklaring på kvifor Norge hadde ein sjeldent sterk sesongstart i Östersund får nordmennene til å fnyse.

Tarjei Bø (midten), Martin Fourcade fra Frankrike

RIVALAR: Martin Fourcade (til venstre) og Tarjei Bø. Her etter laurdagens sprint, der Bø vann med sju tidelar.

Foto: Lise Åserud / NTB scanpix

– Han føler seg kanskje litt pressa om dagen, og det er kult at han prøver å finne unnskyldningar for at vi er i ferd med å ta innpå han, seier Tarjei Bø lattermildt.

Bø har nettopp fått høyre kvifor Martin Fourcade meiner Norge hadde ein suvanleg sterk sesongstart for menn og kvinner i Östersund. Vi må sju år tilbake i tid for å finne ei tilsvarande kalas-helg i Sverige.

Dei norske skiskytterguttas herjingar på normaldistanse og sprint bremsa ein vanvittig Fourcade-statistikk.

Norsk snø-fordel

Franskmannen hadde vunne 70 prosent av alle renn i Östersund dei siste seks åra før sesongopninga førre veke. Det vil seie at giganten triumferte i to av tre renn årleg sidan 2011, utanom 2013 då tredje renn blei avlyst. Den gangen vann han begge renna.

I år var Fourcade stabilt i toppen, men vann «bare» eitt av tre renn på grunn av Johannes Thingnes Bøs og Tarjei Bøs superstart på sesongen.

I tillegg var Synnøve Solemdal og Marte Olsbu på pallen på kvinnesida i løpet av helga.

Fourcade meiner det er fordi Norge har ein geografisk fordel.

– Laget har ei anna opplading, og er heldige som kan trene på snø før oss. Det kan forklare kvifor dei er så gode denne helga, seier Fourcade.

Den konklusjonen forstår verken Emil Hegle Svendsen eller Tarjei Bø.

– Vi er kanskje på snø tre dagar før han, seier Svendsen.

– Han har masse unnskyldningar om dagen, han der. Eg synst ikkje han treng å unnskylde seg så masse. Eg synest han ser bra ut sjølv, seier Bø.

Tarjei Bø tok ut alt i dagens seier i Østersund

VANN: Tarjei Bø.

Vil ikkje spå norsk supersesong

Trass den norske superstarten meiner Fourcade at det er farleg å spå at Norge skal levere like bra kvar helg framover.

– Eg likar ikkje å dra store konklusjonar etter ei helg. Mykje kan skje. Russarane var for eksempel ikkje gode denne helga, men dei vil kome sterkt. Eg håpar Norge held fram i toppen, men håpar også at eg held meg på vinnarsporet, seier Fourcade.

Det siste trur ikkje Svendsen blir eit stort problem etter Fourcades maktdemonstrasjon under vanskelege vindforhold på jaktstarten i Östersund søndag.

– Det bare å ta av seg hatten for han her. Han viste verkeleg at han er hakket betre enn oss i ein sånn type konkurranse. Når det blir vanskeleg med mange som kjempar og sterk vind er han utruleg god, så der har vi verkeleg ein jobb å gjere, seier Svendsen, som blei nummer fire på jaktstarten.

  • Norges neste sjanse til å slå Fourcade blir på sprinten i Hochfilzen fredag 8. desember. Konkurransen ser du på NRK1 frå klokka 11:30.

Siste nytt

  • Iuel står over 400 meter hekk i NM

    Det skriver Norges Friidrettsforbund i en pressemelding. Iuel har pådratt seg en rift i en hinne under foten, og siden skaden er i landingsfoten på hekk har hun blitt rådet til å ikke løpe 400 meter hekk. Hun håper likevel å kunne løpe 400 meter flatt i NM.

    Friidretts-EM: Amalie Iuel løper semifinale på 400 meter hekk
    Foto: Fredrik Hagen / NTB scanpix
  • Eiking vurderer å bryte Arctic Race

    Odd Christian Eiking fikk en smertefull åpning på Arctic Race. Nå spøker det for fortsettelsen i rittet. – Jeg hadde fryktelig vondt i sittesårene, sier Eiking til TV 2. Det er uklart om Eiking, som har slitt med sittesår i hele sommer, stiller til start på fredagens 2. etappe.

    Eiking
    Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix
  • Nordstad Moen ute i åtte uker

    Sondre Nordstad Moen har fått en stressreaksjon i høyre lårbein, og er vil ikke kunne løpe på åtte uker, skriver Norges Friidrettsforbund i ei pressemelding. Nordstad Moen måtte bryte maratonløpet under EM i Berlin på grunn av skaden.

    Friidrett, Diamond League, Bislett Games 2018, Bislett Stadion
    Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Europaligaen: Rosenborg - Cork
NM-veka: NM-kveld