Verdscupleiaren tok sin siger nummer 20 og var 27,7 sekund føre Tarjei Bø i mål. Fourcade bomma to gonger, Bø tre.
– Dette var tyngste løpet eg har hatt i år. Eg får det vel tilbake etter manglande treningsgrunnlag, seier mannen som var mykje sjuk i haust og på forsesongen.
– Men eg skaut godt i dag, og er fornøgd med andreplass. Eg prøvde å jobbe meg gjennom skytingane, og det gjekk heilt fint bortsett frå det aller siste skotet, sa Tarjei Bø rett etter at han heilt utsliten hadde kryssa målstreken.
– Eg var glad eg hadde 19 sekund på Loginov ut frå siste skyting. Då slapp eg å presse meg på slutten, seier han.
– Stiller du på fellesstarten i morgon?
– Ja, men det blir sikkert tungt. Hadde det vore før meisterskap, hadde eg droppa det. Men no stiller eg opp likevel, seier ein fornøgd Bø.
Prega av vinden
Tarjei Bø og Martin Fourcade gjekk likt ut, etter at
med ein fattig hundredel til gode på franskmannen.Begge skaut feilfritt på første skyting, og dei gjekk saman ut også frå den andre skytinga.
Men på den andre fekk Bø to bom, Fourcade ein. Men mange skaut mange bom, så Bø gjekk ut på andreplass, 24,5 bak franskmannen.
– Her kjem det til å bli store utslag på dei to ståandeskytingane, sa NRKs Ola Lunde.
Avgjorde på tredje skyting
Det beit ikkje på Fourcade. Tredje skytinga hans var perfekt – fem blinkar raskt ned. Raskt gjekk han i sporet også. Bør gav seg god tid med skytinga, men trefte. Han var framleis nummer to, men avstanden auka til 56 sekund.
Der fekk Fourcade ein bom, og dermed var saka klar. Han kunne cruise inn til sin verdscupsiger nummer 20. Bø prøvde ein frisk og rask serie, men bomma på det siste skotet.
Det gjorde ingen skilnad. Dei nærmast konkurrentane bomma også, og Bø hadde ingen problem med å halde unna og sikre andreplassen. Han var 58 sekund bak franskmannen ut frå skytinga, men 19 sekund føre Alexandr Loginov. I mål var avstanden 7,8 sekund.
Ole Einar Bjørndalen vart nest beste nordmann på 12.-plass. Han bomma tre gonger, alle på liggande, og var 1.58 etter vinnaren.
Lars Helge Birkeland starta som nummer 41 og gjekk seg kraftig opp med god skyting. To bom på tredje skyting øydela, men elles var det feilfritt, og Birkeland vart til slutt nummer 17.
Johannes Thingnes Bø - veslebror av Tarjei - vart nummer 25 med fem bom i vindkasta i Holmenkollen.