– Eg tenker jo at eg er feig, seier Johannes Thingnes Bø i podcasten «I det lange løp».
Verdas beste skiskyttar ser ofte avslappa ut på utsida - men frå innsida fortel han om ein konstant dårleg følelse.
Kvar sommar kan ein lese om kor mange treningsøkter Thingnes Bø har droppa - og kor mange som måper over hans mystiske veg til toppen.
– Høyrest ut som ein mosjonist
Under årets Blinkfestival kom han ikkje ein gang på pallen - og enda på beskjedne 4.- og 7.-plass i supersprint og fellesstart.
På utøvarhotellet i Sandnes fascinerte han podcast-programleiar Jann Post.
– Det er forunderleg å høyre på. Dette høyrest jo ut som ein mosjonist, seier Post under opptaket.
Samtidig kom det fram korleis Thingnes Bøs metode kan fungere perfekt i skiskyting, men også vere ei plage å gjennomføre.
– Plagsomt å trene meg
Å droppe masse trening om sommaren har nemleg ikkje bare blitt ein suksessfaktor, men også ein smertefull prosess.
– Kvar time tenker eg på det eg burde ha gjort i staden for å bare gjøre det. Eg går med ein dårleg følelse heile tida, seier Thingnes Bø.
– Korleis er det å vere trenar for deg?
– Det trur eg må vere plagsomt. Eg er seriøs på samling, men jobbar veldig dårleg med trenarane når eg er heime. Då er eg vanskeleg å få tak i.
– Du tar ikkje telefonen?
– Eg tar ikkje telefonen. Når Egil (Kristiansen) ringer veit eg at han skal spør korleis treninga har gått. Eg er den einaste som veit svaret fordi eg ikkje fører treningsdagbok. Så eg lar telefonen ringe. Og eg får ikkje betre samvit av det, seier Thingnes Bø.
FAGPRAT: Johannes Thingnes Bø (tv) var gjest i Jann Posts treningspodcast under årets Blinkfestival.
Foto: Hans Henrik Bårtvedt / NRKOverraska Johaug-trenaren
Stryningen fortel at han gjerne trener to solide treningsøkter før han ringer Kristiansen opp eit par dagar seinare.
– Det kan vere litt frustrerande imellom, seier Kristiansen lattermildt på telefon med NRK.
Men Thingnes Bøs strategi er ei bevisst endring basert på erfaring.
For fleire år sidan ga han opp den store mengdetreninga om sommaren. Då gjekk det betre på vinteren. No startar hardtreninga i midten av august.
– Året er flytande og eg trener etter motivasjonen og korleis kroppen føler seg.
I overgangen frå å trene Therese Johaug til å trene Thingnes Bø er det dette som har overraska trenar Kristiansen mest:
Kor stort mentalt overskot ein jaktar for å bli best på skytebanen.
– Det blir mindre fokus på det fysiske enn i langrenn. Vi må heile vegen endre treninga etter følelse og ikkje følge det som står i ei bok, seier Kristiansen.
– Orkar ikkje
Thingnes Bøs fysiske talent blir omtala som eksepsjonelt, noko som gjør at han kan sleppe seg langt ned utanom sesong.
27-åringen treng færre harde treningsøkter for å «vekke kroppen» til sesongform. I tillegg er dei kortare enn lagkameratane sine intervallprogram.
Målet er å fokusere så hardt på kvart treningssekund at han blir sliten mentalt, men også å slappe meir av mot slutten for å gjøre seg klar for restitusjon.
– Det endar som regel alltid med at eg er først ferdig.
Men utanom samling slit Thingnes Bø med at han ikkje løyser toppidrettslivet etter boka.
– Eg tenker jo at eg burde ha trena den og den intervallen, men eg orkar ikkje. Eg utsetter det. Og så ballar det på seg.
– Men hadde det ikkje funka så hadde eg sjølvsagt endra strategi, seier Thingnes Bø.