Hopp til innhold

Tar eit oppgjer med alkoholkulturen: – Det er ubehageleg

Silje Opseth vil fjerne alkohol frå idretten. No jobbar ho for at idrettsarrangementa skal bli ei rusfri sone, samtidig som ho lærer andre om ulempene med alkohol. Ezinne Okparaebo stiller seg bak hopparen.

Silje Opseth

VERDIAR: Silje Opseth har eit engasjement som strekk lenger enn resultat i hoppbakken. Her frå NM på Lillehammer.

Foto: Geir Olsen / NTB

Silje Opseth er litt annleis enn andre idrettsutøvarar. Ho er berre 21 år gammal, men har allereie grunnfesta rolla si som utøvar med eit engasjement utanfor idretten.

– Eg syns ikkje det er rett at foreldre og trenarar skal drikke alkohol når dei har barn rundt seg, som har lyst til å prestere på ein idrettsarena. Og eg trur verda hadde vore ein betre stad om vi tok vekk alt som har med alkohol å gjere, seier Opseth til NRK.

Barn og alkohol

Hopparen er verdiambassadør for kampanjen «Idrett utan alkohol» og slår fast at dei to tinga ikkje passar saman på nokon som helst måte.

Med tanke på historia til hoppmiljøet, er det kanskje fleire som undrar seg over at akkurat ho tek eit slikt standpunkt.

Raw Air: Opseth og Lundby

TÅRER: Silje Opseth etter den bitre andreplassen under Raw Air i Lillehammer i 2019. Maren Lundby vann etter kluss med poenga.

Foto: Geir Olsen / NTB

– Det er ei kjensgjerning at hoppsporten ikkje er der det er minst alkohol, og eg håpar å bidra til at det kan bli litt mindre i framtida. Men eg begynte først og fremst fordi eg opplever, og har vore borti at alkohol har negative konsekvensar i barneidretten, seier Opseth.

Ho mimrar tilbake til då ho var 14 år og på samling med laget.

– Då opplevde eg at trenarar og foreldre tok seg eitt glas eller to på kvelden, og nokre gonger kunne det gå ut over ungane som skulle prestere på idrettsarenaen. Det å sjå slike ting påverke i feil retning, fekk meg til å få auga opp for den saka, fortel Opseth.

Alkovettorganisasjonen Av og til gjorde ei undersøking på dette i 2018, og kom fram til at 15 prosent hadde sett rusa foreldre på tur. Generalsekretær Randi Hagen Eriksrud er bekymra.

Ho peiker på at eitt av ti barn i Noreg, omtrent 90.000 barn, veks opp med foreldre som drikk for mykje alkohol.

Randi Hagen Eriksrud, generalsekretær i Av-og-til

ALT MED MÅTE: Randi Hagen Eriksrud er ikkje imot alkohol, men meiner at folk må ha eit bevisst forhold til det. – Drikke med måte, og så meiner vi at barneidretten bør vere alkoholfri, seier ho.

Foto: Av-og-til

– For dei vil éin øl på Peppes etter ein fotballkamp vere nok til at dei blir redde for at det som skjer heime, òg skal skje på idrettsarenaen, seier Eriksrud.

– Ikkje spesielt behageleg

I dag møter Opseth alkohol overalt på idrettsarenaene ute i Europa. Og her heime tenkjer ho spesielt på «Kollen-helga», der det florerer med menneske i skogen, både med og utan noko godt i glaset.

– Der har eg opplevd situasjonar der publikum trenger seg opp til meg og prøver å få tak i meg når dei nærast ikkje klarar å stå oppreist. Det er ikkje spesielt behageleg.

– Kva tenkjer du då?

– Eg syns det er fint at dei følgjer med, men eg skulle ønske det var fordi dei oppriktig var interessert og ikkje fordi dei har ein mengde einingar innanbords. Når eg snakkar med folk som er rusa, så veit eg ikkje kven dei er eller kva dei prøver å seie. Det er ubehageleg og noko eg prøver å styre unna, seier Opseth.

Noregs idrettsforbund har lenge vore klar på at dei rår frå alkoholservering på tribunane her til lands.

Karen Kvalevåg.

ALKOHOL OG IDRETT: Karen Kvalevåg påpeiker at retningslinjene i NIF er tydelege på at ein ikkje skal blande alkohol og idrett.

Foto: Terje Pedersen / NTB

– Barn og ungdom skal møte eit trygt og alkoholfritt idrettsmiljø. Det bør ikkje nytast alkohol tilknyting til konkurranseaktivitetar, og vi meiner også at det generelt ikkje bør serverast alkohol i tilknyting til konkurranseaktivitetar. Det har vi vore tydelege på i lang tid, i samband med tidlegare saker om emnet, skriv Kvalevåg i ein SMS til NRK.

Feire utan alkohol

No ynskjer Opseth at alkohol bør fjernast frå alle idrettsarrangement – både før, under og etter sjølve eventet.

– Idrett og idrettsarenaen bør vere ein fristad for folk som både har foreldre eller nære kjenningar med eit alkoholproblem. Derfor bør det vere ei rusfri sone – ein stad der ein kan gi slepp på eigne byrder, seier Opseth.

Sprintaren Ezinne Okparaebo har òg har teke avstand frå alkohol, då det ikkje er i tråd med hennar verdiar – og heller ikkje sunt, påpeiker ho.

Sjølv har eg diverre vunne øl som ein del av premien min på eit stemne. Alkohol er jo eit rusmiddel, derfor er det så rart at det er så akseptert i idretten, seier Okparaebo til NRK.

Ezinne Okparaebo og "Brobyggerprisen".

ENGASJERT: Ezinne Okparaebo vann Brobyggerprisen i 2020. Ho har jobba for inkludering og integrering i idretten.

Foto: Cicilie Sigrid Andersen / NRK

Opseth undrar seg over kvifor det er tradisjon å feire ein siger med alkohol.

– Det bør ikkje vere slik at ein høljar ned på med alkohol etter ein har gjort det bra. Det bør vere eit klart skilje mellom dei to tinga. I mitt hovud heng det ikkje saman. Ein treng ikkje feire med alkohol, seier Opseth.

Okparaebo meiner dette kan vere med å skape dårlege haldningar.

– Ein må vere bevisst på kva slags kultur ein ynskjer i idretten. Dei unge følgjer med og tar etter, avsluttar ho.

Sportsnyheter

Scenene før skrekkstraffen vekker oppsikt: – Ufattelige bilder

Ballen var søkk borte da Bernardo Silva skulle ta straffe mot Real Madrid. Eksperter mener den lange ventetiden kan ha vært avgjørende for storlaget.

Siste nytt

  • Casper Ruud til kvartfinale i Barcelona

    Casper Ruud viste solid tennis da han banket australske Jordan Thomson i strake sett og tok seg til kvartfinalen i ATP500-turneringen i Barcelona.

    Ruud vant med sifrene 6-1 og 6-4.

    De tunge forholdene med svært høy luftfuktighet på Barcelona-grusen passet nok Ruud best. 25-åringen feide over Thomson i det første settet, som han avgjorde etter bare en drøy halvtime.

    Det andre settet ble langt jevnere, men Ruud styrte likevel kampen dit han ville. Da han brøt til 4-3-ledelse, var det ikke lenger noen tvil.

    Ruud har i likhet med Jannik Sinner og Grigor Dimitrov vunnet alle sine to første kamper i de turneringene han har spilt i år.

    Thompson og Ruud hadde møttes fire ganger før og sto med to seirer hver før torsdagens oppgjør. Ruud tapte for australieren i finalen i Los Cabos tidligere i år, men den turneringen gikk på hardcourt.

    Den italienske 23-åringen Matteo Arnaldi blir Ruuds motstander i kvartfinalen. (NTB)

    Casper Ruud i Barcelona
    Foto: JOSEP LAGO / AFP
  • Tung dag for Foss i Tour of the Alps – falt av i sammendraget

    Den norske Ineos-stjernen Tobias Foss er ute av sammenlagtkampen etter en tøff 4.-etappe i Tour of the Alps torsdag.

    Nordmannen trillet i mål 15.44 minutter bak Simon Carr (EF Education), som gikk solo de siste milene og vant torsdagens kraftanstrengelse.

    Torsdagens 141,3 kilometer lange etappe gikk over to førstekategoriserte topper fra Laives til Borgo Valsugana i Italia.

    Ineos-rytteren Foss har imponert underveis i rittet og vant mandagens åpningsetappe. Før torsdagens etappe lå han på 2.-plass i sammendraget, bare 31 sekunder bak ledende Juan Pedro López (Lidl-Trek).

    Etter torsdagens fjelletappe har avstanden økt såpass at nordmannen er helt ute av tetkampen. (NTB)

    Tobias Foss
    Foto: NTB
  • Barcelona bøtelagt for rasistisk oppførsel blant supportere

    Det europeiske fotballforbundet har ilagt Barcelona en bot på i underkant av 300.000 kroner for rasistisk oppførsel fra supportere.

    Hendelsene skal ha skjedd under det første oppgjøret i kvartfinalen i Champions League mot Paris Saint-Germain.

    Barcelona har også fått forbud mot å selge billetter til egne supportere i neste bortekamp i en europeisk turnering.

    Barca tapte dobbeltoppgjøret mot PSG 4-6 sammenlagt etter at franskmennene vant tirsdagens returkamp i Catalonia 4-1.

    10. april opplyste Paris-politiet at de hadde avhørt to personer etter at det sirkulerte videoer i sosiale medier av en supporter som lagde apelyder og en annen som ga nazihilsener på Parc des Princes.

    I tillegg har også Barcelona også blitt ilagt en bot på i overkant av 80.000 norske kroner for fyrverkeri og hærverk. (NTB/NRK)

    Barcelona PSG
    Foto: Reuters

Sendeplan

Kl. Program Kanal