– Det er jo ingen bra start, så vi slit med å kome inn i EM no. Vi kan ikkje vere fornøgde, slår Hedin fast.
Det er snart seks år sidan Noreg slo Island sist no. Sist det skjedde var i 18. januar 2008, og i opningskampen av handball-EM i Danmark blei forbanninga forlenga.
Noreg heldt rett og slett ikkje høgt nok nivå i opningsminutta av kampen. Det blei skjebnesvangert.
Kjapt opp i femmålsleiing
Island vann til slutt med fem mål. Det var også leiinga Noreg sine overmenn hadde etter åtte minutt.
Etter to minutt stod det 2-0. Etter seks minutt stod det 4-1. Etter åtte minutt stod det 6-1.
– Det gjekk for raskt. Vi var ikkje oppe i forsvaret i det heile, og framover var vi ikkje kjappe nok. Ingenting var rett, meiner Hedin.
Dei norske herrane sette sin andre ball i mål etter ni minutt då Håvard Tvedten reduserte til 6-2 på straffe.
På det meste leia Island med sju mål, på 16-9, før Noreg reduserte til 16-10 rett før pause.
Tre, men ikkje lenger
Utover i kampen heldt dei norske herrane følgje, men Island sleppte dei ikkje nær nok til at det blei verkeleg spennande.
Ved to høve var Noreg berre tre mål bak, men eit råtøft islandsk lag gjekk kjapt opp til fire mål begge gongene.
Kampen mellom vikingane blei altså vunne av dei øybuande vikingane, der godt forsvarsspel blei forskjellen på laga. Medan Noreg var varierande bakover, var motstandaren relativt solide.
Til slutt enda det 31- 26 i Ålborg og Danmark – ikkje opninga Noreg hadde håpa på.
– Det blir ikkje enklare
Landslagstrenar Hedin omtalar Island som eit lag med «ufatteleg trykk i spelet» og eit «veldig, veldig fysisk lag».
– Alle lag har det tøft mot Island. Vi har åtte debutantar på EM-laget, og sjølv då vi hadde vårt beste norske lag har vi slite mot Island. Vi har ein veg å gå.
Neste kamp for Noreg er mot Spania sine handballstjerner tysdag.
– Det blir ikkje enklare. Det fungerer tidvis i dag, så vi må ta med det gode. Store periodar i andre omgang er bra, meiner Hedin.
Bomma med startoppstillinga
Han gjev Kristian Kjelling og Harald Reinkind skryt av enkeltspelarar.
– Begge tok stort ansvar. Kjelling balanserer det framover. Han blir ikkje for mykje og er farleg sjølv.
– Kjelling starta på benken, Espen Lie Hansen på banen. Kva låg bak den?
– Nei, det viste seg å ikkje vere vellukka. Det var for å få kontringsmåla, for i dei matchane vi har vunne mot slike lag har Espen drege det med sine kontringar. Vi fekk ikkje dei i dag. I tillegg har Espen vore litt meir stabil enn Kjelling i forsvar, samstundes som Kjelling ikkje klarer tre heile matchar på 60 minutt, svarer landslagstrenaren.
Trass i opningstapet meiner Hedin at dei framleis bør kunne gå vidare i EM.
– Vi har mål om å ta oss vidare, men vi veit det blir tøft. Den første målsetninga er å gjere det så bra som mogleg, den andre å kome vidare.
– Vi har inga anna moglegheit. Vi bygger for framtida, men ønskjer å prestere no, avsluttar den norske, svenske landslagstrenaren.