VM-håpet lever i ein tunn tråd etter tapet mot Aserbajdsjan. Etter to kampar står Norge fortsatt med null poeng i gruppe C.
NRKs fotballekspert Lise Klaveness seier at dette kan vere rett tidspunkt for eit trenarskifte.
– Skal ein gjere trenarbytte, må ein gjere det no.
Skuffa over spelarane
Fotballekspert Lars Tjernås meiner Høgmo kan fortsette, trass den dårlege starten på VM-kvalifiseringa.
– Ja, det kan han. Men det bør bli ein brutal evaluering av haustens kampar. Spelarane må ta si del av skulda. Det er dei som gjer feila i begge endar av bana, seier Tjernås til NRK.
Heller ikkje NRKs ekspertkommentator Karl Petter Løken er imponert over dagens innsats.
– Det er ikkje berre trenaren sin feil. Me manglar råskap i begge endar i dag. Me må vinne fleire duellar.
Les også: Berget: - Vi kan se langt etter et sluttspill
Han trur likevel at fotballforbundet bør vurdere framtida til Høgmo.
– Eg håpar dei no tenkjer langsiktig. Er det Høgmo som skal leie Norge inn i framtida? Spør Løken retorisk.
– Sjølvtilliten er låg
Lise Klaveness har sympati for spelarane som tapte for Aserbajdsjan i dag. Ho har sjølv spelt slike kampar, og meiner dei kan vere vanskelege.
– Skuffelsen er stor, men eg veit at slike kampar er vanskelege. Det som skuffar meg mest er måten me går inn i andreomgang på. Me har ikkje trua på det me gjer.
Ho er einig med Løken i at det manglar rett mentalitet i spelargruppa.
– Me treng ein trenar med autoritet og sjølvtillit, det er ferskvare, og det har ikkje Høgmo no. Sjølvtiltten er so låg at det kan vere sunt med eit bytte.
Vil ikkje diskutere avgang
På pressekonferansen etter kampen var Høgmo tydeleg på at han var skuffa over kampen, og at det ikkje var godt nok av Norge. Likevel vil han ikkje snakke om hans framtid som Norge-trenar.
– Leiar du kampen mot Tsjekkia 11. november?
– Det er ikkje tida for slike spørsmål, men ja, det gjer eg.
Han slår tilbake mot kritikken frå ekspertane, og skryt av spelarane han har på laget.
– Det er ei spelargruppe som har vore formidabel heile veka. No må me ha fokus inn mot neste kamp.
I sosiale medier har trøkket vore stort etter at tapet var eit faktum. Mange meiner at Høgmo må gå.