NRK Meny
Normal

Casper Ruud imponerte trass tap

Casper Ruud tapte førsterundekampen mot Viktor Troicki i Kina onsdag. Men nordmannen beit godt frå seg.

Casper Ruud

KJEMPA GODT: Casper Ruud hadde sjansen til å utlikne, men tapte til slutt for nummer 32 i verda

Foto: Ruud, Vidar / NTB scanpix

Ruud hadde settball i andre sett. Han hadde brote Troickis serve og utlikna til 5–5. Han tok sitt neste servesett, og leia 40–30 i Troickis serve på stillinga 6–5.

Men det heldt ikkje heilt inn. Troicki tok settet til 6-6, og var best i tiebreaket som han vann 7–4.

Kampen skulle vore spela i går, men måtte avbrytast på grunn av regn. Troicki leia 6-3, 3–2 på det tidspunkt.

Viktor Troicki er rangert som nummer 32 i verda og som nummer seks i turneringa i Chengdu. Han er høgast rangerte spelaren Casper Ruud har møtt i turnering nokosinne.

Siste nytt

Sendeplan

Kl. Program Kanal