Tap etter tabbekveld

Bodø/Glimt spilte lenge en solid bortekamp mot Prishtina i Kosovo, men en keeperblemme og kommunikasjonssvikt ga 1-2-tap torsdag.

Dermed må Bodø/Glimt vinne for å snu oppgjøret i returkampen hjemme på Aspmyra i serieligaens tredje kvalifiseringsrunde.

Glimt trenger tomålsseier i returkampen i neste uke for å avansere til fjerde og siste runde i kvalifiseringen til serieligaens gruppespill. Der venter i så fall slovenske Mura eller Zalgiris Vilnius fra Litauen. (NTB)

UEFA Conference League: FC Prishtina - Bodø/Glimt
Foto: Nikola Krstic / NTB

Sportsnyheter

Keeper Aaron McCarey angriper sin egen lagkamerat, Bobby Burns.

Her går keeperen til angrep på lagkamerat etter baklengsmål

Publikum og spillere ble sjokkerte vitner da keeperen mistet besinnelsen og angrep en lagkamerat.

Siste nytt

  • Vil innskrenke sponsorreglane

    18 av dei 20 klubbane i Premier League vil ha forbod mot sponsorar som har koblingar med klubbeigarane, melder Sky Sports.

    Bakgrunnen er dei omstridde nye arabiske eigarane av Newcastle United, og frykta for at dei skal teikne sponsorkontrakter med saudiarabiske statseigde selskap.

    Forbodet er i utgangspunktet mellombels og varer ein månad. Då er det meininga at eit permanent forbod skal vere på plass.

    18 av dei 20 klubbane i Premier League røysta for forbodet på det ekstraordinære medlemsmøtet måndag. Newcastle røysta imot, og Manchester City avsto frå å røyste.

    Ifølgje The Guardian meiner Newcastles advokatar at vedtaket er ulovleg. Klubben har ikkje kommentert resultatet av røystinga.

    Det saudiarabiske investeringsselskapet PIF har kjøpt 80 prosent av Newcastle. Dei andre klubbane fryktar at eigarane vil kunne omgå dei økonomiske reglane i fotballen, Financial Fair Play.

    Newcastle United
    Foto: Oli Scarff / AFP
  • OL til (minst) 31 milliardar

    Ein priskalkyle for sommar-OL i australske Brisbane i 2032 viser at leikane vil koste 5 milliardar australske dollar, eller drygt 31 milliardar norske kroner, opplyser sportsminister Richard Colbeck.

    – Men på grunn av infrastrukturen som må byggjast ut, kan nok prislappen bli noko meir enn det, kommenterte Colbeck.

    Arrangørane har planlagt å oppgradere eksisterande anlegg i staden for å byggje nytt.

    Men allereie no har delstaten Queensland bestemt seg for å bruke over seks milliardar kroner på oppgradering av Gabba Cricket Gound, som blir hovudstadion.

    – Det kom litt overraskande på oss, seier sportsministeren.

    Så spørst det om budsjettet vil sprekke endå meir i dei 11 åra som gjenstår. Det var i juli i år at Brisbane blei tildelt sommar-OL 2032.

    Først er det OL i Paris i 2024 og i Los Angeles i 2028.

    Sommer-OL i Brisbane 2032
    Foto: Toru Hanai / AFP
  • Mister 21 kampar etter vaksinejuks

    NHL-spelaren Evander Kane er utestengd i 21 kampar, eller drygt ein firedel av grunnspelsesongen, etter å ha brote covid-reglane.

    Det var ligaleiinga som fastsette straffa for San Jose-spelaren.

    NHL har ikkje gått i detaljar om kva regelbrotet går ut på. Men fleire media har meldt om at Kane skal ha skaffa seg eit falskt vaksinesertifikat.

    Spelaren sjølv legg seg paddeflat, og ber klubben, lagkameratane og fansen om orsaking.

    – Eg gjorde ein feil som eg tek alt ansvaret for. Eg skal bruke suspensjonstida til å lære meg å ta betre avgjerder, seier forwrden, som var klubbens støreste poengsankar i fjor med 22 mål.

    Ifølgje nyheitsbyrået AP mister han 1,68 millionar dollar i løn. Han er tilbake på isen 30. november.

    Koronavaksine er ikkje eit krav for NHL-spelarar, men uvaksinerte må følgje ein strengare protokoll.

    I tillegg kan Canada nekte uvaksinerte spelarar å kome inn i landet for å spele kampar der.

    Evander Kane
    Foto: Jeff Chiu / AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal