Gregor Schlierenzauer hadde maks forhold og fekk fulltreff. Med ekstrem oppdrift nedst i bakken landa han på 253,5 meter – tangering av resultatet Stefan Kraft sette verdsrekord med i Vikersund for eitt år sidan..
Men han makta ikkje nedslaget. Han var djup, og måtte i bakken med hendene. Dommarane var usamde om det var fall eller ikkje, og karakterane sprikte frå 11 til 15. Dersom det betyr at fleirtalet av dommarane dømde fall, blir ikkje resultatet rekna verken som offisiell tangering eller bakkerekord.
NRKs kommentator Johan Remen Evensen er ikkje sikker, og meiner regelverket er uklart:
Best av alle i kvaliken var Johann André Forfang. Hans hopp på 241 meter var dagens nest lengste, og han var klart framfor Anze Semenic.
Justerte etter Vikersund
Medan Schlierenzauer starta frå avsats 6 i sitt rekordhopp, starta Forgang to avsatsar lenger nede. Likevel kom han også over 240 meter i det som var dagens klart beste hopp, 8,1 poeng framfor Semenic.
– Eg har gjort nokre justeringar sidan Vikersund, og det verka. Det er herleg å få det til å fly igjen, seier Forfang til NRK. – Men eg må vere litt meir bestemt i landinga. Der har eg litt å gå på, seier han.
Han sleit litt i Raw Air, som blei avslutta i Vikersund sist søndag.
– Der stanga eg litt i veggen heile tida. Derfor var det viktig å få ein god start her, seier Forfang, som no leier konkurransen "Planica 7" der alle sju hoppa tel.
Robert Johansson blei nummer 9, Halvor Egner Granerud 13, Anders Fannemel 17, Andreas Stjernen 26 og Marius Lindvik 34. Alle dei er klare for rennet i morgon.
Lindvik sette personleg rekord med 222 meter i sitt hopp.
Verdsmeisteren slått ut
Det er ikkje Daniel Andre Tande. Vinterens verdsmeister fekk veldig vanskelege forhold, og hoppet på 199,5 meter var ein meter for kort – 0,7 poeng – til å kome blant dei 40 som startar fredag.
Rennet fekk ein kolossal start. Alle dei fire første hoppa over 220 meter.
– Eg har aldri sett så god hopping i nasjonal kvote nokon gong, sa NRK-kommentator Johan Remen Evensen.
Så blei det verre, og dei siste fekk svært vanskelege vindforhold. Det sende Tande ut av konkurransen, og Johansson og Stjernen langt ned på lista. Før Stjernen sette utfor som sistemann måtte arrangøren ta ein lang vindpause, men klarte å få nordmannen ut til slutt.
– Det var vanskeleg å vente, seier Stjernen. Han leier skiflygings-verdscupen, men blei berre nr 26 i kvaliken.
– Eg kom meg med, men eg mangla råskapen.