Arrangørane i Holmenkollen skal i alle fall ikkje ha skulda for at hopprennet for menn vart avlyst. Timevis med iherdig jobbing, ausing av vatn, og bruk av motorsag for å lage renner til å drenere bort vatnet. Til slutt måtte også kvinnenes hopprenn avlysast.
– Nokon føreslo vasski
– Eg snakka med ein som jobbar i anlegget her, og han sa at dei har fjerna over 5.000 liter vatn frå botnen, for hand. Han sa dei hadde kontroll, men eg veit ikkje heilt om eg kjøper den, for det ser frykteleg vått ut der nede, seier NRKs hoppekspert Johan Remen Evensen.
Daniel André Tande meiner det kunne gå å køyre gjennom vatnet om ein berre lener seg bakover, men han fekk aldri moglegheita til å teste det ut i dag.
Foto: Brede Bleiklie Thomassen / NRKDet var til slutt vinden som vart grunnen til avlysinga av renna, men også tåka ville gjort det vanskeleg å vere hoppdommar, og vatnet ville også ført til at overgangen frå unnarennet til sletta kunne blitt vanskeleg.
– Det var nokon som føreslo vasski, men om du lener deg bakpå nok, så er det mogleg å køyre forbi der, seier Daniel André Tande.
– Besserudtjernet prøver å gjere comeback
Han innser at avgjersla likevel var riktig, og ser fram mot neste renn i Raw Air allereie i morgon, då på Lillehammer.
– Det er kjedeleg, men etter å ha sett vêrmeldinga dei siste dagane er det ikkje akkurat ei overrasking, seier Tande.
I tillegg til morgondagens planlagde hopprenn på Lillehammer vil dagens avlyste renn bli arrangert på Lillehammer i morgon i staden for. Der er det meldt finare vêr enn i Oslo i dag.
Dei har forsøkt å få til det tradisjonsrike Holmenkollrennet men må innsjå at naturkreftene vart for sterke til å drive med skihopp.
Foto: Malin Jørnholt / NRKArrangørane i Oslo må berre innsjå at det lunefulle vêret i Holmenkollen nok ei gong har gjort det vanskeleg å arrangere hopprenn.
– Besserudtjernet prøver å gjere eit comeback etter eit fråvere i 12 år, men me kjemper mot. Me har hatt pumper, i tillegg til dei pumpene som er under bakken. Også har me sagd renner med motorsag, slik at me skal få drenert vatnet bort. Så me reknar med at det ikkje er vatnet som kan stoppe oss, seier rennleiar i Holmenkollen Svein Granerud.
Usikre på kvinnerennet, men optimistar
Då Granerud snakka med NRK var han på veg inn i eit jurymøte, for å diskutere om kvinnenes hopprenn kunne starte klokka 18, eller om det måtte bli utsett. Juryen konkluderte med å utsette starten til 18.15, men seinare vart også kvinnehopprennet avlyst.
– Holmenkollen har fått kasta alt mot seg i dag. Tåke, regn, vind, regn i botnen, sporet som var vanskeleg, alt mogleg, seier Johan Remen Evensen.
Noregs beste kvinnelege hoppar, Maren Lundby, sa til NRK at ho var mest uroa for vinden, og mindre uroa for vatnet om det skulle bli renn.
– Eg håper det vert fine og jamnare forhold, og at det er forsvarleg å hoppe, seier Lundby.
Men også Lundby måtte innsjå at skia får bli liggande i skibagen i dag. No reiser også ho vidare til Lillehammer der ho skal forsvare leiinga i Raw Air som ho skaffa seg etter eit suverent best hopp i gårsdagens kvalifisering.