Hopp til innhold

Tande kritisk til nytt vektforslag i hopp: – Heilt feil

Utøvarar, trenarar og FIS opnar for å endre vektkrava i hopp. Daniel-André Tande meiner forslaget vil straffe hopparar som han.

Hoppuka 2022 2023

LIKAR DET IKKJE: Skihoppar Daniel-André Tande har lite til overs for det nye vektforslaget.

Foto: Geir Olsen / NTB

Forslaget handlar om å justere dei såkalla BMI-reglane i hopp. BMI-en, eller kroppsmasseindeksen, er forholdet mellom vekt og høgd.

Denne målinga påverkar lengda på skia til hopparane: Jo mindre du veg i forhold til høgda di (låg BMI), jo kortare ski får du lov til å bruke (sjå døme i faktaboks).

Fleire tek likevel til orde for at skia ikkje blir forkorta nok til å utlikne den låge vekta.

Dei må, etter mi meining, løfte opp BMI-nivået. Og viss du er under BMI, må du redusere skilengda meir. Då kan dette verke. Då vil ikkje hopparar vere like mykje på grensa, seier Thomas Thurnbichler til NRK.

Han får støtte av Slovenias trenar, Robert Hrgota, som påpeikar at reglane ikkje er endra på lang tid.

– Vi veit at helseproblem har ein stor innverknad på livet, så eg tenkjer det er ein god idé. Vi bør innføre det, seier Hrgota til NRK.

Klar i talen

Thomas Thurnbichler er Polens hopptrenar, og har sjølv slite med vektutfordringar som aktiv skihoppar.

Thomas Thurnbichler

LANSERER NYTT FORSLAG: Thomas Thurnbichler.

Foto: Andreas Hagen / NRK

Han meiner ikkje at dagens hoppsport har eit problem, men er positiv til å endre regelverket for å sikre ein sunnare idrett.

– Når vi tenkjer på lange sesongar og mange konkurransar generelt, er det enklare å halde det konstant på ei god fysisk side viss du har litt meir vekt. Det er alt eg kan seie. Det er mange som handterer det perfekt utan å svelte, men mi meining er at litt meir vekt hadde vore bra for skihopping, seier han.

Ved å kutte ei større lengd på skia om ein er under BMI-grensa, meiner han det vil sikre at utøvarane held seg innanfor grensa.

– Viss du til dømes er ein kilo lettare enn BMI-grensa, så burde det ikkje berre vere to til tre centimeter kortare ski, men ti centimeter. Då vil dei bli større, seier han vidare.

Reagerer

Skihoppar Daniel-André Tande har lite til overs for det nye forslaget.

– Eg jobbar kvar dag for å halde meg tung nok. Så for min del ville det vore ei straff for at eg slit med å gå opp i vekt, medan for andre ville det vore ein fordel for dei slit med å gå ned i vekt, seier Tande til NRK.

Hoppuka 2022 2023

MISFORNØGD: Daniel-André Tande meiner ei slik regelendring vil straffe utøvarar som han.

Foto: Geir Olsen / NTB

Han meiner BMI-måling er eit utdatert verktøy å bruke.

– Det er vanskeleg å lage ein formel som passar for alle, men eg meiner at BMI er eit heilt feil reknestykke å bruke. Det viser ikkje til nokon ting. Viss du tek klypetesten på meg, som ein gjorde før, så ville du fått låg score, seier han og held fram:

– Men via DXA-skann (måling av beintettleik og kroppssamansetning), så veit eg at eg har ein feittprosent som er innanfor det som blir rekna som normalt. BMI viser noko heilt anna. Eg synest ikkje det fungerer bra nok med ein rein BMI.

Ser begge sider

Alexander Stöckl, som er Noregs hopptrenar, forstår Tandes poeng.

– Vi finn aldri noko som er hundre prosent rettferdig, for då må ein byrje å spørje om BMI som målemetode er rettferdig? Der finst det ulike meiningar. Men vi prøver å gjere noko som er formålstenleg for idretten, at det framleis er lange hopp, samtidig som vi ønskjer at utøvarane er ved god helse, seier han.

Ifølgje Stöckl har trenarar diskutert BMI-kravet internasjonalt, og han er sjølv samd i at det kan vere lurt å endre grada i kor mange centimeter ski du mistar om du er under ein viss BMI. Likevel meiner han at ein slik type regelendring i hovudsak bør gjelde hos ungdom.

Hoppuka 2022 / 2023

VIKTIG FOR UNGDOM: Hopptrenar Alexander Stöckl meiner ei slik regelendring vil unngå at ungdom pressar seg ned i vekt.

Foto: Geir Olsen / NTB

Han peikar på at utøvarar på øvste nivå blir følgt opp tett av ernæringsfysiologar, og har ulike testar som blir gjennomført fleire gonger i sesongen.

I tillegg har den norske hoppleiren innført helseattestar, som eit ekstra ledd i å sikre at utøvarane er sunne og friske.

– Det gjer det nok lettare til dømes for ungdomstrenarar å ha ei grense som er litt meir brutal. Som sørgjer for at kroppsvekt ikkje blir misbrukt for prestasjon, seier han.

Konkurransefordel

Skihoppar Halvor Egner Granerud meiner at utøvarar ikkje bør vere delaktige i diskusjonen om kva reglar som bør innførast. I motsetning til Tande, vil ein slik type endring gi han ein konkurransefordel, etter som han fortel at han er nær maksimal BMI.

Austria Ski Jumping World Cup

TIL HJELP: Ein slik type regelendring meiner Granerud vil vere ein fordel for han.

Foto: Florian Schroetter / AP

– Det er vanskeleg å diskutere det frå eit utøvarperspektiv med tanke på at alle har ulike interesser og er på ulike stader vektmessig. Nokon har naturleg høg forbrenning og er veldig lette, og så er det andre som er i motsett ende av skalaen og må jobbe ein del ekstra for å vere konkurransedyktig, seier Granerud til NRK.

Han held fram:

– Eller så er det folk som har valt skilengd og kjenner seg komfortable på den vekta, som eg føler at eg er. Derfor blir det ein vanskeleg diskusjon, og då får det vere opp til legar å bedømme. Eg har inntrykk av at ting er ganske sunt, eigentleg, seier Granerud.

Les også: Tysk hopplegende hudflettar ugle-trofé: – Eg måtte gulpe

Sven Hannawald - ugletrofé i Silvester Tournament
Sven Hannawald - ugletrofé i Silvester Tournament

Vil avgjerast til våren

Sandro Pertile, som er renndirektør i FIS, informerer om at det same forslaget er oppe til diskusjon i FIS, og på eit møte i april vil dei vurdere kvar vegen går vidare.

På spørsmål om kvifor FIS har denne diskusjonen no, svarer Pertile dette:

– Det er ein del av den normale utviklinga av sporten. Kvart år innser vi at det trengst nokre justeringar i regelverket, og dette er ein del av det, seier Pertile til NRK.

– Korleis skal ein gjennomføre dette utan store utfordringar?

– Vi har sommarsesongen som testfase. Alle justeringar kan bli bestemde på våren og testa gjennom sommaren, og på bakgrunn av tilbakemeldingane frå sommaren kan vi gjennomføre det til vintersesongen. Heldigvis har vi dette høvet til å få testa ting og justere før sesongen, seier Pertile.

Les også: Nedbrutt Johansson usikker på fremtiden: – Det er noe jævla dritt

robert j.
robert j.

Siste nytt

  • Alcaraz viser kjempeform – klar for semifinale

    Carlos Alcaraz er enn så lenge i rute til å forsvare tittelen i Masters1000-turneringen Miami Open. Torsdag slo han amerikanske Taylor Fritz i kvartfinalen.

    Det gjorde den 19 år gamle verdenseneren med settsifrene 6-4, 6-2. Spanjolen danket dermed ut det siste hjemmehåpet i turneringen i Miami. Fra før har Tommy Paul lidd samme skjebne. Begge de to amerikanerne bor i Florida.

    Torsdagens møte var det første mellom Alcaraz og Fritz.

    – Jeg spiller mot den beste i verden, så man kan ikke misse egen serve i åpningen av hvert sett. Han gir deg ingenting gratis, sa Fritz etter tapet. (NTB)

    Miami Open Tennis
    Foto: Jim Rassol / AP
  • Wolfsburg blir Arsenals motstander i CL-semifinalen

    Wolfsburg er semifinaleklar i kvinnenes mesterliga i fotball etter 1-1 hjemme mot Paris Saint-Germain. I neste dobbeltkamp venter Arsenal.

    Tyskerne vant det første oppgjøret i Frankrikes hovedstad og gikk videre med 2-1 sammenlagt. Resultatet kunne vært enda bedre for Wolfsburg, men tross enorme sjanser ble det bare med Alexandra Popps ene scoring i returmøtet. (NTB)

    vcOF0kVW2VU
    Foto: Martin Meissner / AP
  • Island sparket landslagssjefen

    Arnar Vidarsson er ferdig som trener for Islands herrelandslag i fotball. Han mistet jobben få dager etter at Liechtenstein ble slått 7-0.

    Seieren i EM-kvalifiseringen var ikke nok til å overbevise forbundsstyret. Island startet mesterskapsjakten med å tape 0-3 borte mot Bosnia-Hercegovina.

    – Dette er selvsagt en vanskelig avgjørelse, men vi mener det er riktig og nødvendig. Arnar har gjort mange gode ting, og han fortjener ros for jobben han har gjort under ofte vanskelige forhold. Nå starter vi arbeidet med å finne en erstatter, sier Islands fotballpresident Vanda Sigurgeirsdottir i en uttalelse.

    Vidarsson tok over som landslagssjef etter Erik Hamrén i desember 2020. (NTB)

    iCmzfHoJs7Y
    Foto: Gian Ehrenzeller / AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Sport
Spiller nå
Nektet å prate om Haaland - så skjedde dette 01:00
Neste