Hopp til innhold

Tårene trilla då Tande slo tilbake: – Dette fortente han

WISLA/OSLO (NRK): Daniel André Tande var skada og mista VM i fjor. I dag slo han tilbake og vann i sesongopninga i Wisla. Då trilla tårene på mamma Trude Tande.

Tande

PALLEN: Tande tilbake på pallen etter eit år med skade og sjukdom.

Foto: Janek Skarzynski / AFP

– Følelsen er enormt herleg. Eg hadde ikkje sett for meg at eg skulle vere med å kjempe om førsteplassen når eg reiste ned hit, seier Daniel André Tande etter at sigeren var i boks.

Lysluggen frå Kongsberg har vore gjennom eit tøft år. Først vart han skada og mista VM i Seefeld. Heile oppkøyringa til sesongen har også vore prega av skade og sjukdom.

I dag leverte han to kjempehopp på 127 og 129 meter og vann føre Anze Lanisek frå Slovenia og Kamil Stoch frå Polen.

– Fantastisk følelse å kjenne at du hadde press i skia, energi i hoppet og skoa.

Då smakte det ekstra godt med ein klem frå mamma Trude etter den norske nasjonalsongen.

SIGER: Daniel André Tande hoppa til siger i sesongopninga.

– Vi gret alle saman. Det har vore tøft for han å ikkje vere saman med dei andre. Han har jobba for dette, så dette fortente han, seier ei tydleg stolt mor.

Ho hadde ikkje trudd at sonen skulle klare og hoppe seg heilt til topps i sesongopninga.

– Eg hadde så vondt i magen. Det var heilt sjukt.

Har vore krevjande

Lagkameratane stod nedst i bakken og jubelen stod i taket, då dei såg Tande vinne hopprennet.

– Vanvittig herleg. Heilt rått, seier lagkompis Johann André Forfang om sistehoppet til Tande.

– Vi såg han hadde tunge forhold. Måtte gjere jobben sjølv. Så ser vi at han treff som ei klokke, legg han til.

Hopplandslagets take off

GLAD: Trenar Alexander Stöckl seier det har vore eit krevjande år for Tande.

Foto: Tore Meek / NTB scanpix

Trenar Alexander Stöckl var også veldig letta over å sjå at Tande var tilbake på toppen av pallen i verdscupen.

– Ja, det er fantastisk. Fint augneblink å sjå utøvarane lykkast. Det har vore ein krevjande periode for alle som er rundt han. Berre å takke alle som har vore med i den prosessen.

Han åtvarar likevel mot å tru at no er alt på plass.

– Han har ikkje hatt så mange hopp. Det er berre å nullstille seg og jobbe vidare. Ikkje tru at alt er på plass. Han må ta det konkursane for konkurranse.

God norsk hopping

Under sesongopninga i Wisla i fjor gjekk det meste skeis for dei norske hopparane, mellom annan med Robert Johansson som vart diska på grunn av feil med hoppdressen.

I dag prega nordmennene hopprennet i Polen.

Robin Pedersen leverte eit kjempehopp på 136 meter i den første omgangen og hoppa seg for første gong inn blant dei ti beste i eit verdscuprenn.

Laghopp

LAGHOPP: Dei norske hopparane tok ein strek 2.-plass under lagkonkurransen i går.

Foto: Janek Skarzynski / AFP

Robert Johansson leverte igjen stabilt, men klarte ikkje følgje opp det gode hoppet i første omgang. Han enda til slutt som nummer 11.

Fem av dei norske var blant dei 20 beste.

Nordmannen var heldige med forholda i den første omgangen, men NRK-ekspert Johan Remen Evensen seier at det ikkje er heile forklaringa.

– Dei må klare å utnytte forholda òg. Det har nordmennene klart. Dei har klart å halde fokuset på arbeidsoppgåvene sine.

Hoppsjef Clas Brede Bråthen gler seg over ei sterk norsk opningshelg.

– Det er viktig at gutane får mange bevis på at den jobben vi har gjort er riktig. I fjor var vi på hælen frå dag ein, og vi er ikkje der no. Vi er trygge på at det vi driver med er bra nok.

Tryggare på utstyret

I få idrettar er utstyret så viktig som i hoppsporten. Før sesongopninga i Wisla var det mykje snakk om dei polske hoppskoa. Denne helga har det vore meir snakk om dei nye norske, kvite hoppdressane, som både Forfang og Johansson hoppa med på søndag.

Poland Ski Jumping World Cup

NY DRESS: Både Robert Johansson og Johann André Forfang hoppa i dag med den nye, kvite hoppdressen.

Foto: Czarek Sokolowski / AP

– Det er ein av dei dressane vi brukar og vi testar ut fleire typar. Har både kvite, brune og svarte, seier hopptrenar Alexander Stöckl til NRK.

– Så det er mest for å forvirre konkurrentane?

– Ja, det gjere vi, seier han og ler.

Sjølv om Bråthen og det norske støtteapparatet har vore lite villige til å snakke om dei nye dressane, så seiar han dei er tryggare på utstyret i år.

– Det er ikkje håp om du ikkje har utstyr i verdsklasse. I fjor var vi ikkje så sikre på det.

Siste nytt

  • Medier: Red Bull-topp forlater laget etter Horner-anklagene

    Flere medier skriver at Adrian Newey, hjernen bak Red Bull-bilen, slutter i Formel 1-laget grunnet misnøye med håndtering av trakassering-anklagene mot Christian Horner.

    Horner ble tidligere i år anklaget av en kvinnelig kollega, men etter en ekstern etterforskning fikk briten fortsette som Red Bull-sjef.

    Nå skal det imidlertid virke som bråket koster laget sin tekniske sjef. Newey har vært i Red Bull siden 2005, men situasjonen med Horner skal ha gjort 65-åringen urorlig.

    Det skriver flere medier torsdag, blant andre BBC, Auto Motor und Sport og Autosport.

    Neweys kontrakt med Red Bull går ut ved utgangen av 2025, men han skal ha fortalt laget at han vil videre allerede nå.

    Den genierklærte briten har blant annet vært koblet til Ferrari.

    Bahrain Grand Prix
    Foto: Hamad I Mohammed / Reuters
  • Skaslien og Nedregotten til semifinale i curling-VM

    Det norske ekteparet Kristin Skaslien og Magnus Nedregotten knuste Spania 9-3 og vant med det gruppen i VM i parcurling.

    Det betyr at de går direkte videre til semifinalen. Sveits, som lå likt med Norge før sist gruppespillskamp, tapte 7-8 for Japan.

    Den norske duoen endte som eneste par med sju seire på ni kamper.

    Estland ble nummer tre i gruppen og skal sammen med Sveits ut i utslagsrunde mot toer- og treerlagene fra gruppe B, som fortsatt har én kamp igjen å spille.

    Skaslien og Nedregotten spiller sitt første mesterskap sammen siden de tok sølv i Beijing-OL i 2022. (NTB)

    Curling - Mixed Doubles Round Robin Session 13 - Switzerland v Norway
    Foto: ELOISA LOPEZ / Reuters
  • Ruud møter serber i Madrid

    Tennisstjernen Casper Ruud skal bryne seg på Miomir Kecmanovic i den 2. runden i storturneringen i Madrid. Serberen har vunnet flest kamper mellom de to.

    Torsdag ettermiddag vant Kecmanovic 1. runde mot kinesiske Zhang Zhizhen. Kampen var over på en drøy time og endte med sifrene 6-3, 6-2.

    Ruud har walkover til 2. runde i turneringen, der han møter Kecmanovic fredag.

    Kecmanovic vant de to første kampene mot Ruud på ATP-nivå. Det var riktig nok tilbake i 2019. Mye har skjedd for Ruud siden den gang, og i fjor ble Kecmanovic slått i finalen i Estoril.

    Italieneren Jannik Sinner venter for Ruud i en eventuell kvartfinale i den spanske hovedstaden. (NTB)

    Miomir Kecmanovic
    Foto: Denis Balibouse / Reuters

Sendeplan

Kl. Program Kanal