Med ei utlikning til 2–2 tre minutt på overtid borte mot gruppevinnar og allereie VM-klare Iran sikra Syria seg tredjeplassen og omspel mot Australia.
500.000 menneske har mista livet og meir enn fem millionar er blitt flyktningar sidan borgarkrigen braut ut i 2011.
Og no er Syria på randa av ei historisk VM-deltaking.
Dit er det likevel langt. Først må Australia slåast over to kampar. Om Syria framleis heng med, må dei vidare ut i heime- og bortekamp mot laget som blir nummer fire i Nord- og Mellom-Amerika.
Ikkje alle i Syria har vore like glade for fotballsuksessen. Mange meiner at dette er noko landets sterke herskar Bashar al-Assad kjem til å bruke i sin propaganda, ifølgje Daily Mail.
Men likevel er interessa aukande i Syria. Mange følgde kampen mot Iran i kveld på storskjermar heime i Damaskus og andre syriske byar.
Syria, med økonomiske sanksjonar hengande over seg, har ikkje lov å spele heimekampane sine i heimlandet. Derfor går kampane i Malaysia, nesten 7000 kilometer unna.