– Vi er veldig lei oss for at ulykka har gjort mange menneske urolege. Eit køyretøy er sterkare enn ein person, så eg var sjølvsagt bekymra over korleis dei ville vere. Dette viser at autonome bilar enno ikkje er realistisk for normale vegar, seier Toyota-sjef Akio Toyoda i ein pressemelding etter hendinga.
No trekk bilprodusenten bilane ut av drift.
Blei påkøyrt
Dei elektriske og sjølvkøyrande bussane til Toyota, kalla «E-palette» blei laga for å frakte utøvarar og støtteapparat frå arenaene til Paralympic Village, staden der alle utøvarane bur under leikene.
Men torsdag gjekk det gale for den japanske judo-utøvaren. Kitazono har nedsett syn, og såg difor ikkje at bussen var på veg mot han då han tok fatt på fotgjengarfeltet i utøvarbyen, på veg til middag.
Han skulle til å krysse fotgjengarfeltet då bilen svinga inn frå høgre og dytta han over ende.
I ettertid skal tryggleiksvaktene som var plassert på staden, ha sagt at dei såg at ein utøvar var på veg ut på fotgjengarfeltet, men dei trudde at utøvaren kunne sjå at ein bil kom i retning han – og difor veik for den. Det skriv The Guardian.
To operatørar og fem passasjerar var i bussen då krasjet oppstod, men ingen av dei blei skadd.
Det blei derimot Kitazono. Han påførte seg både kutt og småskadar i samanstøyten.
Måtte trekke seg
Judo-utøvaren skulle i utgangspunktet konkurrere i 81-kiloklassen laurdag, men måtte trekke seg. Difor mista Kitazono moglegheita til å kjempe om medalje. I Rio 2016 hamna han på ein femteplass.
Hidefumi Takahashi, visepresident i Japan sin paralympiske komité, seier at Kitazono ikkje lir av store skader, men trakk seg etter råd frå medisinsk personell.
– Lagdoktor har vore involvert frå byrjinga av, og hans meining etter denne ulykka, er at han ikkje er i topp form for augeblikket. Vi har tatt ein MR av hovudet, men ikkje funnet nokre eksterne skader, seier Takashi, ifølge Inside The Games.
Tek bilane ut av drift
No har Toyota, som er hovudsponsor for OL og Paralympics, valt å suspendere bilane inntil vidare. Det av sikkerheit for utøvarane.
– Vi vil gjennomføre ei grundig undersøking av årsaka til ulykka, og vi vil fortsette å koordinere tett med Tokyo-organisasjonskomiteen for dei olympiske og paralympiske leiker for å sikre at vi forhindrar at slike hendingar oppstår i framtida, sa bilprodusenten i ei melding.
Organisasjonen bak Tokyo 2020, har òg komme med ei unnskyldning, og kunngjer at politiet etterforskar saka.
– Vi har synshemma utøvarar og personar i rullestol som bur i utøvarbyen. Vi må vere sikre på at bustaden er eit trygt miljø for alle. Vi må gjere alt i vår makt for å unngå at noko slikt skjer igjen, seier Hidemasa Nakamura, leveringsoffiser i Tokyo 2020.