– Vi var tidleg ute med å integrere det som tidlegare heitte handikappidrett, i resten av symjesporten, seier Morten Eklund til NRK.
Han har trent landslaget for funksjonshemma sidan 1994.
Då den tidlegare handicapidretten vart slått saman med særforbunda i idrettsforbundet frå 2005, tok symjeforbundet tak i det med det same.
– Med eit felles landslag som trenar saman og reiser på leir saman, kan vi vå full nytte av kompetansen frå Olympiatoppen for topputøvarane, seier Eklund.
– Og med eit godt samarbeid med klubbane, der vi både tilbyr hjelp og stiller krav, har vi også bra rekruttering og god kontakt med grasrote, seier Eklund.
Trenar for seniorlandslaget Petter Løberg og genralsekretæren har også vore med lenge.
– Det er ein kontinuitet som heilt klart har hjelpt oss dit vi er, seier Eklund.
– Integreringa vi drøymde om
Det er symjesporten som har innkassert dei største triumfane i Paralympics. Norge har teke 114 gull sidan det første Paralympica i 1960. 71 av desse – nesten to tredeler – har kome i symjing.
To av desse sikra Sarah Louise Rung i Rio denne månaden.
Antall symjegull har naturleg nok ein samanheng med alle øvelsane og klassane.
Ordninga med at OL og Paralympics blei knytta saman, avvikla på nesten same tid og avvikla på dei same arenaene blei innført i Seoul i 1988.
– Då var det også veldig mange klasser. Seinare vart klassene slått saman, det vart færre av dei. Og dermed tøffare konkurranse, seier Pedersen, som tok ni paralympiske gull frå 1988 til 2000.
Ved paralympics i Seoul vart det delt ut ikkje mindre enn 257 gullmedaljar i symjing. I Barcelona fire år seinare var det resudert til 163.
– Men det er ikkje tvil om at forbundets intergeringsarbeid har hatt mykje å seie for den sterke stillinga norsk symjing har i Paralympics. Den integreringa vi har no, er det vi drøymde om på 90-talet, seier Pedersen.
Stort forsprang
Runar Steinstad i friidrettsforbundet ser ein rekke årsakar til at symjarane ligger foran friidrettsutøverane.
– Friidrettens ti øvelser er individuelle øvelser, og ein høydehopper har veldig lite til felles med ein kulestøter. I treningssammenheng må vi jo ha ti trenere for å følge opp hver enkelt, sier Steinstad.
Steinstad innrømmer at symjeforbundet har et stort forsprang på fleire områdar, blant anna:
- Organisering av trenarar og klubbar, kor symjeforbundet er flinkare og har sterkare tradisjonar for å utdanne trenarar. I friidrett er mange frivillige.
- Symjeforbundet har satsa på para-utøvarar i mange år, og forbundet er mer synleggjort i rekrutteringa gjennom prestasjonane.
- Symjeforbundet har laga en modell som er i tråd med Olympiatoppens satsing, og ressursane blir tildelt etter tidlegare prestasjonar.
- Symjarane lukkast bedre med inkludering og ein kjensle av tilhørighet sidan dei trener på samme stad. I friidrett kan para-utøverane kjenne at dei ikkje passar helt inn sidan dei ikkje meistrar det samme. Det fører gjerne til at fleire fell av tidlegerare.
– Vi skal også komme oss dit, og vi har brukt to år på tiltak, klassifisering av utøvarar og legge til rette for dei som vil satse. No har vi ein gjeng som er motiverte, seier Steinstad, som blei tilsett i stillinga for to år sidan.