– Håvard Tjørhom har utvikla ein toppidrettskultur i alpint som han vil overføre til oss, seier friidrettspresident Tore Hordnes.
35 år gamle Tjørhom var sjef for utøvarar som Aksel Lund Svindal og Kjetil Jansrud på det norske alpintlandslaget i fem år før ga seg i fjor.
I 2015 blei han kåra til «Årets trenar» på Idrettsgallaen.
Dei fire neste åra blir han toppidrettssjef i Norges Friidrettsforbund.
Jansrud: – Smart
Under Tjørhoms leiing har både Kjetil Jansrud og Henrik Kristoffersen tatt steget opp blant dei aller beste i alpintsporten.
Jansrud meiner friidrettsforbundet har gjort ein strålande signering.
– Det er kanskje dette friidrettsforbundet treng. Ein leiar som ikkje har hatt noko med friidrett å gjøre før. Han hadde ikkje noko spesiell erfaring då han kom inn i alpintgruppa, men gjorde ein ekstremt god jobb for oss, seier Jansrud.
– Han får til veldig mykje og er tydeleg på dei endringane han vil ha. Han er kanskje ikkje ein sjef som vil vere så synleg, men når han seier ifra så smell det skikkeleg, legg Jansrud til.
Suksessopskrift
Tjørhom erstattar sportssjef Ronny Nilsen.
– Eg trur eg kan komme inn med nye auger i friidrettsforbundet. Eg har vore del av ein kultur der eg har lært mykje av utøvarane og dei andre i alpintmiljøet. No vil eg bruke kunnskapen i friidretten, seier Tjørhom.
– Kor vil du seie at norsk friidrett står i dag?
– Den er vel ikkje der ein ønskar at den skal vere, seier Tjørhom, og siktar til den resultatmessige bølgedalen norsk friidrett fortsatt er i akkurat no.
– Men det er mykje positivt også. Det blir jobba godt, men ein er bare ikkje heilt der ein vil vere, seier Tjørhom.
Også då 35-råingen frå Sirdal ga seg på landslaget fekk han tilbod om jobben, men takka først nei.
– Timingen var litt dårleg då. Eg var med alpintlaget i åtte år. Det innebar mykje reising. Det var bra å ha eit år vekke frå toppidretten. No kjenner eg at eg er veldig motivert og har lyst til å bidra, seier Tjørhom.