Suverene Svindal knuste utforkonkurrentane

Nordmannen viste sterke austerrikarar skremmande god form under verdscupopninga i utfor.

Aksel Lund Svindal hadde noen små problemer på veg ned løypa i Lake Louise, men tok allikevel ledelsen i mål.

Lund Svindal kjørte ned til ledelse

– For overraska over dette er det ikkje lov til å vere, seier Svindal, som også var best på utfortreninga i Lake Louise torstag.

Under praktfulle forhold sette han utfor med startnummer 22, og leia med klar margin ved både første og andre passering.

I mål var nordmannen heile 64 hundredelar framfor Max Franz frå Austerrike.

Og straks alle sterke utfordrarar var i mål blei det klart:

Aksel Lund Svindal er den første nordmannen til å vinne eit utforrenn i Lake Louise sidan Atle Skårdal sin triumf i 1991.

– Då eg var på toppen såg eg at Franz leia rennet. Han hadde tidleg startnummer, og det hender jo ofte at dei som er først ut vinn her i Lake Louise, seier Svindal, og held fram:

– Så eg tenkte at eg måtte risikere ein heil del for å halda tritt med han. Men då eg kom ned var eg eit stykke framfor. Det var tydeleg både brukbare forhold, og brukbar køyring.

Dobbelt austerriksk bak Norge

Fartsfantomet fortsette derfor der han slapp førre sesong. Svindal vann nemleg utforen i Schladming så seint som i mars i år.

Laurdag viste 29-åringen at den gode flyten i fartsdisiplinen tydeleg er tatt godt vare på gjennom sommaren.

Bak Svindal enda austerrikske Franz på andreplass, og landsmann Klaus Kröll på tredje.

Jansrud hardt ut

Kjetil Jansrud opna sitt utforløp i hard stil, og leia framfor Svindal ved første måling.

Men etter kvart tapte 27-åringen for mykje, og var over sekundet bak sin landsmann i mål. Nordmannen enda til slutt på 8.-plass.

Siste nytt

  • To bronser til Norge

    Kasper Fosser sikra Norge si første individuelle medalje, då han sprang inn til bronse under knockoutsprinten i EM i orientering i sveitsiske Neuchatel.

    Sveitsiske Matthias Kyburz (1) og Joey Hadorn (2) vart for sterke for nordmannen i sluttspurten.

    Audun Heimdal fekk tidleg problem og kom sist i finalen.

    I kvinneklassen sikra Andrine Benjaminsen for Norge si andre bronsemedalje for dagen.

    Svenske Tove Alexanderson vann kvinnefinalen føre Simona Aebersold frå vertsnasjonen.

    Kasper Fosser
    Foto: Per Øyvind Fange / NRK
  • Tangerte målrekorden i Bundesliga

    Robert Lewandowski scora sitt 40. seriemål for sesongen borte mot Freiburg laurdag og tangerte med det målrekorden til Gerd Müller frå 1971/72.

    Bayern München har alt sikra seg ligatrofeet, men det la ingen dempar på den polske superspissens målhunger borte mot Freiburg.

    25 minutt inn i kampen trakka Lukas Kubler på hælen til Thomas Müller, og dommaren peika på straffemerket.

    Lewandowski var som vanleg iskald frå 11 meter og plasserte ballen enkelt til side for keeper.

    Germany Soccer Bundesliga
    Foto: Peter Kneffel / AP
  • Tre norske til finalen

    Både Kasper Fosser og Audun Heimdal tok seg til finalen under knockoutsprinten i EM i orientering.

    I kvinneklassen er Andrine Benjaminsen finaleklar.

    Dag Blandkjenn, Håvard Sandstad Eidsmo og Lukas Liland vart slått ut i semifinalen.

    Finalane kan du sjå på NRK1 frå 16.25.

    Kasper Fosser
    Foto: Ivar Haugen/NOF

Sendeplan

Kl. Program Kanal