– Det var sinnssjukt herleg. Eg var litt ute å køyre i starten, men fekk det perfekt til mot slutten og fekk opp god fart.
– Er du tilbake i verdstoppen nå?
– Ja, det må eg vel kunne seie nå, gliser Aksel Lund Svindal.
– Ein ekstrem idrettsmann
Frå startnummer to leia Peter Fill gjennom heile rennet, og det gjorde han også på alle mellomtider før mållinja på Svindal.
Men Svindal fekk til ein forrykande avslutning og i mål hadde han det eine hundredelssekundet han trengde.
– Han viser ei rå styrke og kva slags ekstrem idrettsmann han er. På toppen gjer han ein feil, men han klarer likevel å vinne. Dei siste 12 sekunda er han klart raskast. Aksel viser verkeleg at han er tilbake som verdas beste fartskøyrar, seier NRKs ekspertkommentator Marius Arnesen.
Svindal tek sin sjuande verdscupsiger i canadiske Lake Louise, på ein dag da fjorårsvinnar Kjetil Jansrud skuffa. Men han innrømmer at han var nervøs da han stod på start.
– Når alt ligg til rette slik som i dag har ein så utruleg lyst til gripe moglegheita. Så eg sette ekstra press på meg sjølv i dag og det kribla nok litt ekstra, seier Svindal til NRK etter målgang.
Peter Fill blir nummer to og amerikanske Travis Ganong tek den siste pallplassen 0,36 bak Svindal. Kjetil Jansrud blir til slutt nummer 9.
STORT GLIS: Aksel Lund Svindal gliste stort etter sin 26 verdscupsiger i dag.
Foto: Tommy BarsteinStorfavoritt i morgon
Arnesen meiner Svindal viste stor rutine i sitt comeback i fartsdelen av verdscupen.
– Han får gjort det han er best på og får køyrt ut dei lange svingane som han har jobba mykje med. I tillegg viser han igjen at han trivst godt på nordamerikansk snø, så dette kan bli moro framover, seier Arnesen.
For det er i super-G Aksel Lund Svindal verkeleg har vore dominant i den canadiske skimetropolen med fire sigrar. Dermed er han sjølvsagt mannen å slå i morgondagens renn.
– Nå har han klart målet sitt som var å vinne det fyrste rennet. Det er ikkje nokon grunn til at han ikkje skal vere like rask i morgon. Han må nesten gjere ein stor feil for å ikkje vinne, om han køyrer på same måte som i dag, seier eksperten som tidlegare var norsk landslagstrenar.