NRK Meny
Normal

Svindal trur på comeback i sesongopninga

Ting ser plutseleg mykje lysare ut for Aksel Lund Svindal. No trur alpinisten at han er klar for sesongopninga i fartsdisiplinar.

Lund svindal

ATTENDE I TRENING: Aksel Lund Svindal er tilbake i alpinbakken og utfordrar lagkameratane.

Foto: Poppe, Cornelius / NTB scanpix

– Eg synest det går bra. Det går veldig mykje betre enn i Chile i september. Og det er bra, for då var eg ikkje i nærleiken. Eg trur eg er på start i Val d'Isere seier Aksel Lund Svindal til NRK.

Vegen attende frå skrekkfallet i utforrennet i Kitzbühel har vore lang for Lund Svindal. Korsbandet rauk, det gjorde også resten av sesongen. Og tidlegare i haust kunne han avsløre at skadeomfanget var større enn han hadde sagt.

Men trass at han ikkje har fått trent like hardt som han har ønska på over ni månadar, er han meir optimistisk enn på lenge.

– Kjenner skada

Skadeomfanget etter fallet var faktisk so stort at ikkje berre denne sesongen, men heile karrieren til Lund Svindal stod i fare. No er derimot 33-åringen tilbake på trening med resten av landslaget.

– Eg ligg heilt greitt an på trening. Eg er ikkje so god som eg har vore på mitt beste, men ikkje so langt unna at det er håplaust. Det fungerer sopass bra at eg bør vere klar for sesongstart.

Sjølv om Lund Svindal er attende på trening, innrømmer alpinisten at skadefråveret har konsekvensar.

SKI-ALPINE-WORLD-MEN

FALL: Slik såg det ut då Aksel Lund Svindal gjekk over ende i den berykta Hahnenkamløypa.

Foto: JOE KLAMAR / Afp

– Eg merkar at det har vore ni månadar utan å køyre ordentleg. Eg har litt å ta igjen på dei andre.

Men det er ikkje berre farten som er utfordringa for 33-åringen. Han må også slåss med smertene kvar gong han tek på seg skia.

– Eg kjenner skada. Men eg brukar dag etter dag på å bli meir trygg. Eg må tilvenne meg gradvis. Sjølv om det er vondt, treng det ikkje nødvendigvis å vere farleg.

– Over 50 prosent sjanse for start

Verdscuprenna i Lake Louise og Beaver Creek er avlyst på grunn av snømangel, og det første rennet i fartsdisiplinane blir dermed i franske Val d'Isere helga 2. til 4. desember.

Det betyr at Svindal får ei ekstra veke til å gjere seg klar til renn.

– Lake Louise har vore ein fin stad å starte. Men at det omveltingar, kan eg i alle fall late som er ein fordel for meg, seier Svindal til NRK.

– Du er klar for start, du?

– Eg har ikkje sagt til nokon at eg ikkje skal starte. Det er godt over 50 prosent sjanse for at eg startar, seier Svindal og ler.

Også sportssjef på alpinlandslaget, Claus Ryste, er positiv på Lund Svindals vegne.

– Me jobbar framleis med målet om at han skal nå sesongopninga, so tek me oppsummering når det nærmar seg.

Siste nytt

  • Hovland mot bragd

    Viktor Hovland fortsetter å imponere og leder med fire hull halvveis i finalen mot Devin Bling i USAs amatørmesterskap i golf søndag.

    Han dominerte mot Bling på de første 18 av de 36 hullene i finalen. Det norske stortalentet festet grepet ved å vinne fire hull på rad fra 8. til 11. hull.

    Turneringen ferdigspilles natt til mandag norsk tid.

    Viktor Hovland
    Foto: Eric Risberg / AP
  • Tung start for Inter

    Inter fikk en marerittstart på Serie A-sesongen med 0-1-tap mot Sassuolo søndag. Domenico Berardi ble matchvinner fra straffemerket.

    Roma fikk på sin side en god start på sesongen med 1-0-seier over Torino. Edin Dzeko åpnet målkontoen rett før slutt.

    inter
    Foto: Vincenzo Pinto / AFP
  • Kritisk Mourinho etter tap

    Manchester United-manager Jose Mourinho mente laget hans kunne takke seg selv etter det overraskende 2-3 tapet borte mot Brighton.

    – Vi gjorde for mange feil. Vi ble straffet. Noen ganger gjør du feil og blir ikke straffet, men vi ble straffet for hver eneste feil vi gjorde. Det tredje målet ble for tøft, sa Mourinho til BBC.

    mourinho
    Foto: Alastair Grant / AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal
NM-veka: NM-kveld