Siste nytt

  • - Suarez på veg til Atletico

    Barcelonas spiss Luis Suarez er samd med Atletico Madrid om overgang, melder spanske media måndag.

    33-åringen har fått beskjed av Barcelonas nye trenar Ronald Koeman om at han ikkje har noko framtid i klubben, som han har eitt år att av kontrakten med.

    Avisa Mundo Deportivo skriv at Suarez truleg vil signere toårskontrakt med Atletico.

    Inntil nyleg verka det som om Suarez var på veg til Juventus, men den handelen gjekk i vasken i førre veke.

    Suarez har scora 198 mål på 283 kampar for Barcelona i løpet av seks år i klubben.

  • Halep vann i Roma

    Simona Halep vann WTA-turneringa i Roma i dag. Kampen mot Karolína Plísková varte berre i ein dryg time. Rumenske Halep var heilt overlegen, og vann det første settet 6–0. Det var tydeleg at Pliskova sleit og tre minuttar ut i det andre settet gav ho seg på grunn av skade.

    z0_PYate3Cc
    Foto: RICCARDO ANTIMIANI / AFP
  • Sørloth på medisinsk test

    Alexander Sørloth skal visstnok gjennom den medisinske testen i RB Leipzig i dag. Det skriv Lokalavisa Leipziger Volkszeitung. Sørloth har ikkje vore involvert i Trabzonspor sin sesongopning, og han skal visstnok ha vore i Tyskland dei siste dagane. Fleire tyske og tyrkiske medium melder at overgangssummen kan ende på om lag 260 millionar kroner. Det vil gjere han til tidenes dyraste norske spelar.

    Sd_TEEv6N5Y
    Foto: DARRIN ZAMMIT LUPI / Reuters

Sendeplan

Kl. Program Kanal