Hopp til innhold

Svindal og Jansrud vil gravlegge eit nytt 90-tals spøkelse

Norge har ikkje vunne utfor-klassikaren i Wengen sidan Lasse Kjus vann i 1999.

Svindal og Jansrud

DOBBELT: I går tok Aksel Lund Svindal og Kjetil Jansrud dobbeltsiger i superkombinasjonen.

Foto: Marco Trovati / Ap

– Det er ei veldig annleis løype med svingar som me ikkje ser nokon andre plassar enn her i Wengen, seier Aksel Lund Svindal.

Svindal er på veg til toget som skal frakte han og gårsdagens vinnar Kjetil Jansrud opp til den berykta utforløypa i Wengen.

– Føler me har brukbar kontroll

Her har ingen nordmenn vunne sidan Lasse Kjus gjorde det i hans store sesong i 1999. I går klarte Kjetil Jansrud å gravleggje eit 90-tals spøkelse da han vann superkombinasjonen som også er ein klassikar i alpebyen.

Kjetil André Aamodt var siste nordmann som vann den i 2003. Nå håpar lagkompisane å gravleggje eit nytt spøkelse frå 90-talet.

– Me må prøve på det iallfall. Aksel har vore veldig nære før, og me lærer meir av bakken kvart år. Føler me har brukbar kontroll nå så kanskje det blir vår tur i år, seier Kjetil Jansrud.

Intervju med Jansrud og Svindal før start.

Men da må dei meistre ein av verdscupens mest utfordrande løyper.

– Nokre passasjar er veldig lette utan mange svingar hopp, før det kjem nokon som alltid er like vanskelege. Wengen-løypa er nådelaus, anten treff du eller ikkje, seier Svindal.

– Kvifor har de ikkje lukkast her tidlegare?

– Det er litt det som Aksel sa, anten treffer du eller ikkje. Det er lettare å gjere feil her som gjer at du hamnar utanfor fyrsteplassen, seier Jansrud.

Svindal: – Han skal ta meg med på ferie nå

Etter fyrste og tredjeplass i utfordelen av kombinasjonen i går, kjem dei begge uansett med store dosar av sjølvtillit til dagens utforstart. Sjølv om gårsdagen var meir enn berre sigersglede.

– Ein stressar seg eigentleg i hel. Etter premieutdeling må ein kome seg på sykkel og analysere video blant anna. Det blei ein lang og stressande dag, men utan tvil ein bra dag, fortel Jansrud.

– Det er sånne dagar ein har lada opp for, fylgjer Svindal opp.

Og med fyrsteplassen i går fylgde det også med eit par flybillettar til vinnar Jansrud som lagkompisen iallfall er sikker på kva han burde bruke på.

– Nå har han lova å ta meg med på ferie til varmare strøk til våren, gliser Svindal.

De likar å henge saman utanom trening også, altså?

– Ikkje kvar dag, ler Jansrud godt.

Siste nytt

  • Svensk seier i Killington – Tviberg med karrierebeste

    Maria Tviberg leverte en sterk andre omgang i verdenscupen i slalåm, og ble nummer seks i amerikanske Killington søndag.

    Det er hennes beste plassering i et slalåmrenn i verdenscupen i karrieren.

    Tviberg forbedret sin posisjon fra tiendeplass etter førsteomgang, etter å ha kjørt inn 1,45 sekunder bak ledende Mikaela Shiffrin.

    Den amerikanske alpinstjernen klarte ikke å følge opp i sitt andre forsøk, og ble til slutt nummer fem, like foran Tviberg.

    Svenske Anna Swenn-Larsson og sveitsiske Wendy Holdener kjørte inn til samme tid, og delte dermed seieren. Østerriske Katharina Truppe ble nummer tre.

    Thea Louise Stjernesund og Mina Fürst Holtmann endte som nummer 13 og 25, mens Kristin Lysdahl kjørte ut i andre omgang.

    Marhe Monsen klarteikke å kvalifisere seg til finaleomgangen etter en 44.-plass i første omgang.

    WCUP Womens Slalom Skiing
    Foto: Robert F. Bukaty / AP
  • Kramaric sendte Canada ut av VM

    Canada måtte ha poeng mot Kroatia for å ha et håp om å komme seg videre i VM. Det håpet slukket Andrej Kramaric.

    For etter at Canada tok ledelsen etter ett minutt ved Alphonso Davies hodestøt, handlet resten om Kroatia.

    Kramaric trodde han hadde utlikna etter 26 minutter, men Marko Livaja var i offside i oppbygningen.

    Ti minutter senere kunne Hoffenheim-spissen slippe jubelen løs. Alene med keeper fra skrå vinkel var han sikker.

    Rett før pause snudde Kroatia kampen. Fra 20 meter dunka Livaja ballen ned i hjørnet forbi keeper.

    I andre omgang var Kramaric frempå igjen. Samtidig som han satte inn sitt andre, så sendte han Canada ut av VM.

    På overtid kontret Lovro Majer inn 4-1 til vannpolonasjonen.

    Før siste kampdag i gruppespillet har både Kroatia og Marokko fire poeng, mens Belgia har tre.

    Kroatia møter Belgia neste torsdag, mens Marokko møter Canada samtidig.

  • The Times: Messi nær overgang til amerikansk klubb

    Den engelske avisen The Times melder at Lionel Messi er svært nær å bli klar for den amerikanske klubben Inter Miami.

    Planen skal være at argentineren drar til Florida etter sesongen, da kontrakten med Paris Saint-Germain går ut.

    MLS-klubben er ganske fersk, og den er foreløpig mest kjent for at David Beckham eier klubben.

    Messi og hans familie skal allerede ha ordnet seg bolig i Miami, og har tidligere feriert i den amerikanske byen.

    Om ryktene stemmer vil Messi ha spilt to sesonger i PSG.

    Messi
    Foto: KIRILL KUDRYAVTSEV / AFP

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Sport
Spiller nå
Derfor er Qatar-VM omdiskutert 02:43
Neste