– Det er digg å køyre fort med ein gong, for å vise at det fungerer ordentleg bra, seier Aksel Lund Svindal til NRK.
Svindal seier han har merka at det har gått fort i treningar fram til no, men at det var spesielt å få teste seg med heile verdseliten på plass.
- Les:
- Les:
Utstyret fungerer
– Det er mange som lurer fram og tilbake når dei byter utstyr. Eg syntest det var greit å berre vise frå første stund å vise at eg har bytta til noko som faktisk fungerer veldig bra, seier han.
Svindal køyrte inn til 1.49,97 og var sju hundredelar raskare enn austerrikaren Hans Grugger. Svindal har aldri køyrt fort i utforkonkurransane i Lake Louise og har ein femteplass frå 2005 som bestenotering så langt.
No trur han at han ligg godt an før opningsrennet, men peikar på at det er vanskeleg å seie fordi ein aldri veit kor mykje folk tar ut på trening.
Svindal kom før både Didier Cuche og Michael Walchhofer, som ifølgje Lund Svindal brukar å vere ganske bra med frå første gjennomkøyring.
– Dei brukar i alle fall ikkje å bremse noko særleg. Og eg hang bra med dei, så då trur eg det ser ganske bra ut, seier han.
Sjøvtillit på nye ski
Den gode starten styrkar sjølvtilliten framfor sesongen.
– Ja, det gjer det sjøvsagt. Det er viktig å køyre fort, seier Svindal.
Også landslagssjef Håvard Tjørhom meiner Svindal har fått sjølvtillit på det nye utstyret.
– Eg kan ikkje seie noko anna enn at det han presterte på gjennomkøyringa her var veldig bra. Han har utruleg bra sjølvtillit på det nye utstyret, og han har jo køyrt her i mange år, så han har god kontroll på traseen, seier han til NTB.
- Les:
- Les:
Har meir å gå på
Han trur resultatet kan bli enda betre på laurdag, sidan Svindal gjorde ein feil som kosta han mykje tid i slutten av løypa.
– Eg har studert split-tidene, og dei viser at Aksel kan hente tideler fleire stader i løypa, seier trenaren.
Han fortel også at Kjetil Jansrud no viser framskritt i fartsdisiplinane, sjølv om treningstida han presterte var den 42. beste.
– Kjetil manglar litt erfaring i fartsøvingane. Han har ikkje fått trent så veldig mykje fart i det siste heller, men eg ser at han er flinkare i svingane, noko som gjer at farten generelt blir høgare, seier Tjørhom.
Også Lake Louise-debutanten Espen Lysdahl kom gjennom løypa, men han er med først og fremst som læregutt.
Det er ny trening i kveld norsk tid.