– Det er veldig mange om beinet, og mange blir desperate etter å finne klientar for å få til overgangar, seier Sverre Mauseth til NRK.
Han har jobba på borerigg i Nordsjøen og som postmann i Molde. Men no er han blant kongane av fotballovergangar innanfor Noreg.
Ferske tal frå Norges Fotballforbund viser at 56-åringen stod bak 23 overgangar i 2018.
Det er berre éin mindre enn den meir etablerte agenten Atta Aneke som toppar lista med 24 overgangar.
Statistikken viser overgangar i Eliteserien, 1.- og 2. divisjon.
– Det er jo litt overraskande, men grunnen til at eg er oppe i toppen er fordi eg famnar breitt. Eg jobbar med klubbar heilt ned i 2. divisjon. Eg synest det er artig å finne gode spelarar med potensial i lågare divisjonar, og deretter finne den beste klubben til dei, seier Mauseth til NRK.
Nye agentreglar
STØRSTE OVERGANG: Kristoffer Løkbergs overgang frå ranheim til Brann før denne sesongen reknar Sverre Mauseth som sin største i 2018.
Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB scanpixMauseth stod bak åtte overgangar i Eliteserien, fire i 1. divisjon og elleve handlar i 2. divisjon i 2018.
Den kanskje mest kjente og hans største sportslege handel var Ranheim-kometen Kristoffer Løkbergs overgang til Brann før denne sesongen.
– Å sjå at ein ung spelar lukkast er det viktigaste for meg. Pengane får kome i andre rekkje, men eg tenar nok så eg klarar meg, seier Mauseth som kom inn i fotballen som talentspeidar for Molde. Deretter jobba han som spelarrådgjevar før han byrja i agentyrket på heiltid etter at agentregelverket blei endra i 2015.
Den gangen endra FIFA regelverket slik at det blei fritt fram for alle å få lisens.
Agentane i dag betalar 2500 kroner til Norges Fotballforbund i tillegg til ei ansvarsforsikring. Deretter kan du operere fritt i marknaden.
– Mange om beinet
Namnet «agent» er offisielt bytta ut med ordet «formidlar».
På kort tid har talet på fotballagentar i Noreg gått frå rundt 30 lisensierte i 2014, til 124 registrerte formidlarar i 2018.
– For ein del år sidan var det ein elite som styrte, og det var vanskeleg å kome inn på marknaden. Det var kanskje positivt at det kom inn ein del «freshe» aktørar, men det blei veldig mange på kort tid. Og spørsmålet er kor mange som er réelt aktive, seier Mauseth, som har opplevd baksida av frisleppet.
– Eg har opplevd agentar som har tatt kontakt med mine spelarar, sjølv om dei veit at eg har kontrakt med dei. Men eg trur det kjem til å bli ein naturleg reduksjon, for det finst ikkje ein marknad i Noreg for 124 agentar, seier Mauseth.
– Mange useriøse
KRITISK: Fotballagent Stig Lillejord er misnøgd med frisleppet i agentbransjen.
Foto: Simen Sundfjord Otterlei / NRKEin som slaktar regelendringa er den erfarne agenten Stig Lillejord. Han meiner frisleppet har ført til at fleire useriøse aktørar er kome på bana.
– Eg er opptatt av at spelarane får den hjelpa dei skal ha. Og at dei får hjelp av folk som veit kva dei driv med. Eg vil påstå at 80-90 av dei personane som er registrert som formidlarar ikkje kjenner regelverket, og det er svært uheldig, seier Lillejord til NRK.
Leiaren i spelarorganisasjonen NISO, Joachim Walltin meiner også at utviklinga går i feil retning.
– Dei mest proffe er dei med dei fleste transaksjonane. Men det er uheldig at det blir for mange fordi då dukkar det opp useriøse aktørar. Dei utfører ein jobb med store verdiar i potten, og då bør det vere større krav til kompetanse, meiner Walltin.
Sverre Mauseth har uansett lært seg regelverket. Men han har framleis til gode å handle spelarar til utlandet.
– Det er målet på sikt. Då må eg bygge nettverk også i utlandet til klubbar og andre utanlandske formidlarar. Men det er viktig å jobbe med folk ein stolar hundre prosent på, fordi dette er ein spesiell «business», seier Mauseth og smiler.