– Eg vil prøve noko nytt. Etter ti år på landslaget er eg klar for å gjøre endringar og følge eit opplegg som eg har sterk tru på, seier Kalla i ein pressemelding.
Kalla tok VM-gull på heimebane i 2015, men sleit tungt i sporet førre sesong.
No gjør ho som Petter Northug og bryter med landslagets treningsopplegg i håp om å blåse nytt liv i langrennskarriera.
Nordmann forsøkte å overtale
Sveriges nye landslagstrenar, norske Ole Morten Iversen, har prøvd å overbevise Kalla om å følge landslagets treningsopplegg.
– Minuset for vår del er at laget mister sin motor. Laget blir svekka. Hadde ho blitt med på laget skulle ho ha fått nye impulsar som hadde endra situasjonen hennar tilstrekkeleg. Eg har prøvd, men det har tydelegvis ikkje vore nok, seier Iversen.
– Men eg har full forståing for at ho føler behov for å gjøre noko nytt etter å ha stanga hovudet i veggen ei stund, seier Iversen.
Intensiverer samarbeid
28-åringen har vore den store profilen på det svenske kvinnelandslaget sidan ho tok OL-gull i Vancouver i 2010.
Therese Johaugs og Marit Bjørgens rival gjennom mange år vil no prioritere samarbeidet med sin personlege trenar.
– Eg trur samarbeidet med min personlege trenar Magnus Ingesson blir bedre om vi kan treffast oftare for oppfølging, planlegging og teknikktrening, seier Kalla.