– Gje fan i veggspelet, og skyt, skyt, skyt, seier Sundhage til Aftonbladet. Ho braut av treninga i går for å gje spelarane denne beskjeden.
– La dei berre skyte. Dei har ikkje føresetnader for å vite kor god Cecilie er, kontrar Norges landslagssjef Roger Finnjord.
Sundhage vil utnytte at Cecilie Fiskerstrand skal stå i det norske målet i OL-kvalifiseringskampen mot Sverige i morgon. 19-åringen har berre seks landskampar bak seg.
– Ei erfaren målvakt kan grave langt ned i sekken for å løyse visse situasjonar. Det kan ein umogeleg ha opplevd på seks landskampar, seier ho.
Skal merkast med ein gong
Det skal merkast allereie i første angrepet, ifølgje den svenske trenaren. Ho meiner det vil bli stor skilnad på det norske målvaktsspelet no og då Ingdird Hjelmseth stod i mål under VM i fjor sommar.
Men Hjelmseth er i ferd med å kome tilbake etter skade, og ikkje med i troppen denne gongen.
– Hjelmseth gjorde mange gode inngrep i feltet. No skal vi banke det inn i våre spelarar: De møter ein som ikkje har like stor erfaring, seier Sundhage.
Men Fiskerstrand gleder seg. – Dette ser eg fram til, seier ho til SVT.
– Fantastisk god på strek
Norges landslagstrenar Roger Finjord er ikkje redd Fiskerstrands seks landskampar blir eit problem.
– Cecilie er fantstisk god på strek, og ho er utruleg god til å stoppe skot, seier Finjord til NRK.
– Vi står godt med forsvarsfiraren vår, og kjem det skot frå distanse, har vi ein veldig god keeper som står der.
– Derfor er ikkje du spesielt redd for at ho ber sine spelarar om å skyte meir?
– Nei, tvert imot. Vi har vore førebudd på det heile vegen. Vi veit at dei skyt frå ulike distansar og vinklar. Det er vi klare for å stå imot, både på blokkeringar og med keeper. Og vi skal skyte vi og, lovar han.
Kjenner mostandarane
Han meiner å kjenne til sine motstandarar, både Sverige i morgon og Nederland og Sveits dei neste dagane.
– Vi har følgt med deira utvikling sidan VM, og analysert både lag og enkeltspelarar. Det same gjeld Nederland og Sveits, som vi får høve til å sjå her i OL-kvalifiseringa før vi skal møte dei sjølv, seier Finnjord.
Etter kampen mot Sverige møter Norge Nederland laurdag og Sveits neste onsdag. Berre vinnaren av gruppa får plass i OL i Rio i august.