90 sekund ut i speleforlenginga krangla Patrick Reimer pucken i mål, og Tyskland vann 4-3.
Tyskland opna sterkt, og leia 2-0 etter den første perioden. Christian Ehrhoff og Marcel Noebels scora med 29 sekunds mellomrom.
Midtperioden blei utan scoringar, men i den siste skjedde mykje.
I løpet av fem minutt og 12 sekund reduserte først Anton Lander for Sverige, men Dominik Kahun gjenoppretta den tyske tomålsleiinga til 3-1. Men Patrik Hersley i svensk overtal og Mikael Wikstrand scora to raske, slik at det stod 3-3 etter ordinær tid.
Dermed blir det Tyskland som får møte Canada i semifinalen fredag. Canada slo Finland med 1-0 i dag.
I den andre semifinalen skal Norges russiske overmenn frå OUR møte Tsjekkia.