Sverige seier nei til «regnbogesko» i VM

– Vi kan ikkje vere med på alle slags initiativ, forklarer det svenske fotballforbundet.

Regnbogesko

I 2015 spelte det spanske laget Rayo Vallecano med skolisser i regnbogefargar for å støtte kampen mot homofobi. Det svenske fotballandslaget kjem ikkje til å gjere det same under sommarens fotball-VM i Russland.

Foto: Pressefoto

Ein av dei store snakkisane i Sverige i dagane før VM er kor vidt spelarane skal nytte skolisser i regnbogefargar under meisterskapen.

Tysdag vart det kjent at gruppa som jobbar med LHBT (lesbiske, bifile og transseksuelle personar) i Europaparlamentet sende skolisser i regnbogefargar til alle dei europeiske deltakarlaga i VM. Håpet er at spelarane vil nytte lissene under meisterskapen.

Tiltaket kjem for å vise motstand mot korleis LHBT-personar blir behandla i vertsnasjonen Russland.

OS RIO 2016

Generalsekretær i det svenske fotballforbundet, Håkan Sjöstrand, seier at dei ikkje kan støtte alle slags initiativ.

Foto: Pontus Lundahl/TT/TT / NTB scanpix

Støttar menneskerettsorganisasjon

Men no er det klart at Sverige har bestemt seg for å seie nei til å utstyre spelarane sine med slike skolisser.

– Symbolsaker er viktige. Og det er viktig for det svenske fotballforbundet å vise kva vi står for. Men for oss er det vanskeleg å vere med på alle slags initiativ, seier generalsekretæren Håkan Sjöstrand til Aftonbladet.

Sjöstrand fortel at det svenske fotballandslaget får mange slags spørsmål og oppmodingar om å vere med på forskjellige tiltak. Men dei kan altså ikkje vere med på alt.

– Hoppar vi på dette initiativet no så kjem det ein annan organisasjon som vil vi skal gjere noko anna. Vi er her for å ha fokus på det sportslege, seier Sjöstrand.

Men ifølgje generalsekretæren er det ikkje slik at landslaget ikkje har vore med på nokon initiativ. Mellom anna har dei samarbeidd med menneskerettsorganisasjonen Civil Rights Defenders med ei kopling til Russland-VM.

Oslo Pride

Markerkingar til støtte for LHBT-personar har blitt stadig vanlegare.

Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

Usemje blant spelarane

Sjöstrand presiserer at han veit at LHBT-personar er spesielt utsette i Russland og at situasjonen er uakseptabel.

Men det svenske fotballforbundet har også støtte frå fleire av spelarane sine når dei seier nei til å nytte skolisser i regnbogefargar.

– Eg kjem ikkje til å ta politisk standpunkt med ei slik markering. Klart eg står for menneskerettar, men ute på bana skal eg fokusere på å spele fotball, seier Viktor Claesson til Aftonbladet.

FBL-WC-2018-SWE-PRESSER

Sverige-spissen John Guidetti kjem til å spele med kvite sko med kvite lisser under VM.

Foto: JONATHAN NACKSTRAND / AFP

– Eg har fått kvite fotballsko med kvite skolisser med min sponsor Nike. Dei kjem eg til å spele med. Eg er i VM for å spele fotball. Politikk og alt slikt legg eg til side, fortel John Guidetti.

Men andre i troppen har vore meir positive til regnbogesnøringane.

– Eg har ingenting imot dei, men forbundet må avgjere denne saka, meiner kapteinen Andreas Granqvist.

Avgjersla kom onsdag kveld og vart altså at Sverige ikkje kjem til å støtte initiativet frå LHBT-gruppa i Europaparlamentet.

PS. Sverige spelar sin første VM-kamp mot Sør-Korea. VM startar torsdag klokka 17.00 når vertsnasjonen Russland møter Saudi-Arabia. Kampen ser du på NRK1.

Soccer WCup Group F Sweden

Sverige-kaptein Andreas Granqvist var blant spelarane som ikkje hadde noko imot å spele med skolisser i regnbogefargar.

Foto: Antonio Calanni / AP

Siste nytt

  • PL-manager bøtelagt for munnbruk

    Everton-manager Marco Silva er ilagt en bot for sitt utbrudd mot dommerne etter 2-3-tapet for Newcastle i Premier League tidligere denne måneden. Silva må ut med 12.000 pund, tilsvarende rundt 135.000 kroner, som følge av episoden.

    Marco Silva
    Foto: Rui Vieira / AP
  • PSG fikk medhold i CAS

    Paris Saint-Germain vant en viktig seier da Idrettens voldgiftsrett (CAS) ga klubben medhold i en sak mot Det europeiske fotballforbundet. PSG gikk til CAS da UEFA ville gjenåpne etterforskningen rundt hvorvidt klubben har brutt idrettens fair play-regler.

    PSG
    Foto: Franck Fife / AFP
  • Elabdellaoui stod over trening

    Landslagstrener Lars Lagerbäck bekrefter at Omar Elabdellaoui stod over tirsdagens landslagstrening grunnet en smell i foten. Elabdellaoui og landslagets medisinske apparat er imidlertid ikke redd for at lørdagens kamp mot Spania står i fare.

    Landslagstrening
    Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix

Sendeplan

Kl. Program Kanal