– PAUSE. Og ... kampen er over. Norge vant kvartfinalen på ein omgang, det står 7–19. Det her hentar ikkje Sverige inn om dei så får spela i 14 dagar, melde den svenske journalisten Macus Leifby i Aftonbladet i deira livedekning av kampen.
Tidlegare i kampen melde same mann dette:
– Snur Sverige dette, så flyttar eg til Eskilstuna, lar håret gro og bytte namn til Tommy, melde journalist Marcus Leifby.
«Norge audmjukar Sverige», «Det er ein kollaps» og «Sverige rasar saman mot Norge» stod det på svenske nettaviser undervegs i kampen. For tidleg i kampen leda Norge heile 10–2.
Mykje av den svenske frustrasjonen stod målvakt Kari Aalvik Grimsbø for. Ho redda over 70 prosent av skota i første omgang, og enda tilslutt på over 50 prosent.
- Les også:
– Jævlig irriterande
Den svenske stjernespelaren Isabelle Gulldén, kallar det svenske forsvarsspelet for eit korthus som datt saman.
– Eg er overraska over at det skal så lite til for at vi dett gjennom. Eg synest ikkje forskjellen er så stor, men dei er ikkje så lette å bryta ned som vi er. Trekk du ut eit kort, dett heile huset saman, seier Gulldén etter kampen.
– Vondt å tape for Norge?
– Ja, det er det. Det er eit veldig bra lag med mange gode spelarar, og i sånne matchar veit vi at dei er der, og det er ikkje vi. Det er jævlig irriterande, seier Gulldén.
– Eg hadde forventa meir motstand frå Sverige, seier Norges landslagssjef, Thorir Hergeirsson.