Sverige-kollaps i tsjekkisk super-comeback

Tre Kronor rundspelt av Tsjekkia i VM.

Sverige - Tsjekkia 2-4. Sverige tapte etter å ha ledet 2-0 i VM.

MARERITTKVELD: Sverige leia 2-0, men gjekk til slutt av banen med tap 4-2. BILDER FRÅ EUROSPORT NORGE.

Laster innhold, vennligst vent..

Sverige opna best, skapte mykje og scora to gangar i den første perioden.

Men så starta marerittet for eit b-prega svensk hockeylandslag, som manglar fleire NHL-stjerner i årets VM.

I andre periode gjekk Tsjekkia ut i hundre, og rundspelte Tre Kronor.

Stjerna David Pastmak reduserte for Tsjekkia. Scoringa markerte starten på ei sterk opphenting.

Med seks minutt igjen av perioden stod det likt mellom laga etter scoring frå Jan Kovar.

Sverige-keeper Jacob Markström hadde ingen kjekk dag på jobb. Med to minutt igjen av andre periode måtte han sjå puck nummer tre suse i nettet bak seg. Målscorar Michal Birner hadde då sørga for ein heftig tsjekkisk snuoperasjon.

Birner sette også inn dagens siste mål.

Laster innhold, vennligst vent..

Siste nytt

Sendeplan

Kl. Program Kanal
V-cup kombinert: hopp
V-cup langrenn: 10 km fri teknikk, menn
Ski Classics: La Sgambeda
V-cup langrenn 10 km fri teknikk menn
V-cup langrenn: 10 km fri teknikk, menn
Ski Classics: La Sgambeda
V-cup alpint: Utfor menn
V-cup alpint: utfor menn
Vinterstudio
Vinterstudio
V-cup skiskyting: Sprint kvinner