Sveriges olympiske komité (SOK) er i gang med ei forundersøking der dei skal finne ut av moglegheita for å arrangere vinter-OL i 2030. Etter to månaders arbeid heldt dei fredag ein pressekonferanse der dei presenterte fleire av planane, med mellom anna budsjett og konkurransebyar.
Ifølgje SVT er det aktuelt å arrangere skøyteløpa i eit anna land. Der er Noreg eit alternativ.
– Vi er framleis i det innleiande stadiet, men det finst jo store skøyteanlegg i Europa, blant anna i grenselandet vårt i vest. Så det er naturlegvis eitt alternativ, seier Hans von Uthmann, president i SOK til den svenske allmennkringkastaren.
– Så det kan bli Noreg?
– Om vi kjem vidare, så kan det bli dei, ja, svarer Uthmann.
Han legg til at det finst fleire skøyteanlegg som kan vere moglege å nytte seg av og ler på spørsmål om Nederland også kan vere aktuelle. Samtidig avslører han at dei har hatt kontakt med Noreg.
TENKJER OL: President i SOK Hans von Uthmann under ein pressekonferanse i februar.
Foto: Claudio Bresciani/TT / NTB– Vi har hatt ein samtale med Noreg, men har ikkje konkret spurt om dette, seier SOKs nyvalde president.
– Det var semje
Det stadfestar også generalsekretær i Norges idrettsforbund, Nils Einar Aas til NRK.
– Eg kan stadfeste at SOK har lufta dette under ein uformell samtale for ei tid tilbake. Det var semje om at det måtte komme ein formell førespurnad frå svensk side dersom dette skulle realitetsbehandlast, og det vart også gjort klart frå vår side at det var mange partar som måtte involverast i ein slik prosess, seier Aas.
Noregs Skøyteforbund hadde ikkje høyrt om Sveriges moglege løysing då NRK tok kontakt.
– I utgangspunktet vil eg tenkje at for internasjonal utvikling av skøytesporten så hadde det vore fint å ha ein fin hall i Sverige, men for OL er det bra med gjenbruk, som gjer det billigare og meir berekraftig. Viss dette blir aktuelt, så ville vi vore positive til det, seier generalsekretær Håkon Dahl.
Noreg har mellom anna skøytebanane Vikingskipet på Hamar og Sørmarka Arena i Stavanger. På Hamar er det begeistring for alternativet.
– Dersom det kjem ein offisiell førespurnad så vil vi sjølvsagt vere positive til dette, svarer administrerande direktør i Hamar olympiske anlegg, Tom Erik Hovde.
Ulike stader og byar
Tidlegare har SVT skrive at også Latvia kan hjelpe Sverige om det endar med OL-søknad. SOK skal vurdere å leggje bob, skeleton og aking til Sigulda – noko som også var planen då nabolandet vårt søkte om vinter-OL i 2026. Då tapte dei kampen mot Milano/Cortina.
KAN FÅ HJEMME-OL: Elvira Öberg gjekk Sverige inn til gull på OL-stafetten i skiskyting i fjor vinter.
Foto: Heiko Junge / NTBDei andre vinteridrettane er naturleg nok planlagt til svenske byar. I Stockholm blir det ishockey, kunstløp, curling og kortbaneskøyter. Skiskyting i Östersund, langrenn, skihopp og kombinert i Falun, alpint, fristil og snøbrett i Åre.
Det førebelse budsjettet er sett til 16,5 milliardar svenske kroner, der IOC bidreg med 10 milliardar.
Den olympiske komiteen har allereie utsett val av vertsby, men skal ta avgjerda under IOC-kongressen i Mumbai midt i oktober. I tillegg til nemnde Sverige, leikar også Sveits med OL-tanken. Salt Lake City skal også vere interessert, medan Sapporo annonserte nyleg at dei likevel ikkje er interesserte i å arrangere leikane i 2030.