– Gjev ein Ada Hegerberg plass i straffeområdet, kjem ho til å score mål, seier ekspert i Sveriges Radio, Richard Henriksson.
På onsdag møter Norge Sverige i den fyrste kampen i OL-kvalifiseringa i Nederland. I svenske medie får kampen stor merksemd, og det er ein norsk spelar som alle er mest oppteken av.
Den største trusselen
– Hegerberg blir kalla den største trusselen og er den som suverent blir omtala mest, seier eksperten og er klar på at Lyon-spissen må stoppast om Sverige skal ta føringa i kvalifiseringa.
I tillegg til Norge og Sverige, kjempar Sveits og heimenasjonen Nederland om ein plass til OL i Rio i august. Eit sluttspel Sveriges fotballkvinner aldri har gått glipp av sidan det kom på programmet i Atlanta i 1996.
– For det breie publikummet er det ei forventing om at Sverige alltid skal vere med i OL. Derfor er det eit stort press på Pia Sundhage og laget nå, seier Henriksson.
Sveriges erfarne landslagstrenar Pia Sundhage kjenner på presset frå det svenske publikummet.
Sundhages siste meisterskap
– Nøkkelen er å erkjenne at dette presset er litt stressande. Det er skummelt, men det går over til ei kjensle at det her likar me, seier Sundhage til SVT.
Sundhages kontrakt går ut dette året. Blir det ikkje OL i Brasil, blir det ikkje fleire sluttspel med Pia Sundhage i leiarstolen.
– Skulle ikkje Sverige kvalifisere seg til OL vil det heilt klart prege korleis svenskar ser på Sundhages tid som landslagstrenar, meiner Richard Henriksson
Norge møter Nederland laurdag og Sveits neste onsdag i kvalifiseringa i Nederland.
Sveits har aldri slått Nederland og har ein klar negativ statistikk mot både Norge og Sverige, men slo svenskane i den siste kampen i fjor. Nederland har negativ statistikk mot både Norge og Sverige.