NRK Meny
Normal

Sverige eksperimenterer med junior på stafetten: – Risikabelt

To gonger har Noreg gått på stafettfiasko i VM med ein junior på laget. Nå vel Sverige same strategi. NRKs ekspert meiner det viser at dei ikkje går for gullet.

Ebba Andersson, Charlotte Kalla og Lotte Udnes Weng under Skandinavisk cup Langrenn Lillehammer.

DEBUTANT: Berre 19-år gamal får Ebba Andersson sjansen på VM-stafettlaget til Sverige som skal jakte medalje.

Foto: Geir Olsen / NTB scanpix

Heile Sverige blei overraska da det svenske stafettlaget blei presentert i går. Både Aftonbladet og Expressen beskriv uttaket som ein skrell.

Astrid Uhrenholdt Jacobsen

BRONSE: Astrid Uhrenholdt Jacobsen hadde det tungt etter å ha gått i veggen og blitt tatt igjen på sisteetappen i Sapporo-VM.

Foto: Aas, Erlend / SCANPIX

Juniorstjerna Ebba Andersson blei plassert på den viktige tredjeetappen.

Kalla ville ha med junioren

– Eg er freista til å seie at det er risikabelt, men samtidig er eg ikkje overraska. Charlotte Kalla har vore tydeleg på at ho vil ha med Ebba på laget, seier NRKs langrennsekspert Torgeir Bjørn.

Expressen-kommentator Tomas Petterson erkjenner at han er nervøs.

– Etter nesten 52 år, sju OL, tallause VM og fleire verdscuphelger enn eg kan hugse – det skjer aldri. Men no er eg nervøs. Eg kjenner meg nesten litt dårleg, og alt på grunn av ein 19-åring frå Sollefteå, skriv han i ein kommentar.

For dette uttaket er interessant på mange plan.

Høyrest junior på stafettlag i VM kjent ut?

Noreg gjorde det same under VM i Sapporo i 2007 og i Liberec i 2009, og det gjekk ikkje så altfor bra.

Astrid Uhrenholdt Jacobsen var 20 år, junior og måtte ta over ankeretappen frå ein Marit Bjørgen ute av form. Jacobsen gjekk på ein liten smell, måtte sjå Finland og Tyskland gå frå ho i sporet og kom inn til bronse.

Marthe Kristoffersen

TØFT: Marthe Kristoffersen var utrøysteleg etter å ha mista stafettmedaljen på oppløpet i Liberec. Ho har aldri fått meisterskapsstafett sidan.

Foto: Åserud, Lise / SCANPIX

Enda verre gjekk det to år etter da 19 år gamle Marthe Kristoffersen fekk sjansen. Ungjenta var stokk stiv på oppløpet og blei passert av både Tyskland og Sverige, fjerdeplassen blir hugsa som ein av dei mest skuffande kvinnestafettane.

– Revansjesugen

– Det er eit stor press for ein junior og gå ein VM-stafett. Andersson er slett ikkje i verdstoppen, men er ein av verdas beste juniorar. Eit tøft uttak av Ole Morten Iversen (svensk landslagstrenar), meiner Torgeir Bjørn.

Sjølv verkar 19-åringen som tok gull og sølv under junior-VM i år, lite stressa.

– Det er veldig inspirerande å få sjansen og eg blei veldig overraska. Eg kjenner meg trygg på tredjeetappen og er revansjesugen, seier Andersson.

Ebba Andersson falt i sin VM-debut

TØFF DEBUT: Ebba Andersson fekk sin debut i senior-VM på 15 kilometer skiathlon. Den starta rett i eit fall, men Andersson gjekk bra mot slutten og blei til slutt nummer 22.

Foto: Lise Åserud / NTB scanpix

Anna Haag opnar stafetten for Sverige, Charlotte Kalla går andre og Stina Nilsson ankeretappen.

Torgeir Bjørn meiner etappefordelinga vitnar om ein «safe» lagtaktikk.

– Det er tydeleg at dei satsar på å leie stafetten etter dei to fyrste etappane og prøve å riste av seg lag som USA og Finland. Hadde dei vore kalde hadde dei sett Kalla og Nilsson på dei to siste og kanskje hatt den beste gullsjansen, meiner Bjørn.

Tok ut laget etter Sverige

Landslagstrenar Roar Hjelmeset tok i går ut Astrid Uhrenholdt Jacobsen til å møte junior Ebba Andersson på tredjeetappe. Han valde å vente med å ta ut laget til lenge etter Sveriges lag var klar.

– Det var mest for at konkurrentane ikkje skulle få sette opp laget etter vårt, seier Hjelmeset og nøler når han får spørsmål om han endra rekkjefølgja etter å ha sett svenske laget.

– Det svenske laget er interessant. Andersson er sikkert ei som vil gå fort, seier Hjelmeset.

Siste nytt

  • Turvoll Fossli reiser hjem

    Sondre Turvoll Fossli reiser hjem fra Ruka etter å ha kommet på sjetteplass under fredagens langrennssprint, skriver NTB. Fossli endte på sjetteplass i finaleheatet, men reiser nå hjem for å forberede seg til verdenscupen på Lillehammer.

    Verdenscup ski nordiske grener
    Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix
  • Sveits vant mot Norge

    Sveits vant bronse i curling-EM etter å ha slått Norge 6-5 i fredagens kamp. I finalen i morgen møtes Sverige og Skottland.

    Thomas Ulsrud
    Foto: Jon Eeg / NTB scanpix
  • Uforandret lag for Norge

    Norge stiller med de samme fire hopperne som forrige helg i morgendagens lagkonkurranse. Det til tross for at Anders Fannemel bommet totalt i kveldens renn. De fire som skal hoppe for Norge er da Tande, Forfang, Fannemel og Johansson.

    lag
    Foto: Janek Skarzynski / AFP

Sendeplan

Kl. Program Kanal