Svenske medier: Sundby dopa seg

Svenske aviser går hardt ut mot Sundby etter brot på dopingreglementet. Men kommentatorane er uenige i at det er doping Sundby har drive med.

Svenske aviser om Martin Johnsrud Sundby

KOLLASJ: Til venstre: Expressen, øvst til høgre: Aftonbladet, og nederst til høgre: Svenska Dagbladet

Foto: Faksimile

Martin Johnsrud Sundby og det norske skiforbundet får gjennomgå både i sosiale medier og utanlandske aviser etter at det vart kjent at Sundby er dømt for brudd på WADAs regler for bruk av astmamedisin - som han har tillatelse til å bruke.

Medan skipresident Erik Røste, og resten av det norske støtteapparatet meinte dette var eit formalitetsbrot, og ikkje doping, er stemninga annleis i svenske medier.

tweet

«Sundby fast för doping» er tittelen som går igjen.

– Dette er ikkje doping. Kva som foregår i sosiale medier er eg ikkje oppteken av, men det er klart det kan skape ein debatt på omdømmet til Norges Skiforbund, seier landslagssjef Vidar Løfshus.

I Sverige er ein ikkje heilt einig i det, ser det ut til.

– Det er ikkje feil av svenske medier å skrive det, fordi det er eit brot på dopingregelverket. Men i mine auge har ikkje Sundby drive med doping. Det seier sportskommentator i Expressen, Ludvig Holmberg.

– Det som er synd med å bruke ordet doping, er at folk berre ser det, utan å sjå nyansane, legg han til.

Slik så det ut i andre medier:

sundby

Svenske Dagens nyheter melder også at Sundby er tatt for doping.

yle

Saka vekker oppsikt også i Finland.

– Veldig stor feil

Det er ekspertkommentator i SVT, Anders Blomqvist enig i.

– Det er eit brot på dopingregelverket, so teknisk sett er det rett. Men ved å bruke det ordet, får ein ikkje med seg alt.

Både Blomqvist og Holmberg meiner at dette først og fremst er synd for Johnsrud Sundby, og skisporten.

– Dette kjem til å følge han og sporten framover. Kvar gong svenskar ser at han gjer det bra i vinter, og kvar gong ein nordmann vinn, kjem dette til å komme opp, trur Holmberg.

På Twitter spør svenskane sarkastisk: «Har alle nordmenn astma?»

Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold

Holmberg trur ikkje at det er representativt.

– Folk har skjønt at også svenskar har astma. Norge blir ikkje håna for det lenger, sjølv om dette ikkje gjer saka betre.

Siste nytt

Sendeplan

Kl. Program Kanal
V-cup skøyter
EM håndball kvinner Romania - Kroatia
Håndball-EM: Romania-Kroatia
Radiosporten: EM håndball kvinner Norge - Russland
Radiosporten: EM håndball kvinner Norge - Russland
Håndball-EM: Norge-Russland
Radiosporten: EM håndball kvinner Norge - Russland
Radiosporten: EM håndball kvinner Norge - Russland
Radiosporten: EM håndball kvinner Norge - Russland
Radiosporten: EM håndball kvinner Norge - Russland
VM svømming