– Det er spennande å følgje han, og eg har fått lære han å kjenne etter å ha køyrt litt med han. Han er superdyktig og kan nå langt, seier den svenske prinsen til NRK.
Dennis Hauger sin Formel 2-sesong starta ikkje som venta. Etter fleire løp som vart delvis eller heilt øydelagde av feil, tabbar eller uhell, kan det no sjå ut til at han har noko på gang igjen.
Nordmannen ligg på femteplass i samandraget i Formel 2, og i Baku vann han det første hovudløpet sitt nokosinne. I tillegg vann han sprinten i Monaco.
Prins Carl Philip trur at med Haugers utvikling er det berre spørsmål om tid før han rykker opp til Formel 1.
– Om han held fram slik, og ingenting spesielt skjer, trur eg absolutt det. Det kjennest som han har ein bra «totalpakke».
Prinsen, som sjølv har køyrt litt rally, har blitt kjent med Hauger gjennom Carrera Cup, der dei køyrde nokre rundar saman.
– Han er heilt vill
Dei to møttest på eit stjernespekka arrangement i samband med Carrera Cup i Fällfors, med mellom anna Aksel Lund Svindal til stades.
Også han fullroser den norske Formel 2-føraren, samstundes som han seier at fans og nordmenn må vere litt tolmodige med tanke på ein mogleg Formel 1-framtid.
– Det er 20 sete, så gi han litt tid. Om han held fram med å levere, kan det bli endå meir gøy, og det kan skje om ikkje så lenge. Men la oss heller si at det er ein bonus og gi han litt tid, for det han gjer er heilt rått, seier Svindal til NRK.
Rådet han gjer til Hauger er å vere smart i vala han tek framover, men han trur Hauger har ein del ting å lære bort andre vegen òg.
– Når det gjeld ting eg kan lære av han, så er det alt som er på fire hjul, for han er heilt vill, seier Svindal.
Haugers vendepunkt
Hauger har blitt betre og betre. Han seier sjølv at den tøffe starten var litt som forventa, sidan dette er hans første sesong i Formel 2.
– Farta har komme meir og meir. Det var kanskje ikkje i Monaco på ein gatebane eg trudde den første sigeren skulle komme, men det var ekstra kult eigentleg. Framgangen er der, men eg trur det er nokre steg igjen før eg kjenner eg er der eg vil vere, men det er eit godt steg på vegen, seier Hauger til NRK.
19-åringen seier vidare at det ikkje nødvendigvis har vorte gjort dei store endringane sidan sesongstarten, men han har tatt ein prat med laget for å dele tankar om kva som bør jobbast med.
– Eg måtte ta eit steg tilbake for å få ein betre «feeling» og gi litt meir faen. Det hjelpte meg å ta eit steg vidare i godkjensla med bilen. Det var noko som klikka litt betre i Monaco, og så er det framleis nokre steg eg vil ta for å vere der oppe, fortel Hauger.
– Kor frustrerande var sesongstarten din?
– Eg kjenner eg har lært frå tidlegare at eg aldri skal tvile på mine eigne ferdigheiter. Eg beviste at eg var rask i fjor, og eg veit eg har farta inne når ting stemmer og eg er komfortabel med bilen. Eg tvilte aldri på meg sjølv sånn sett, seier han.
Neste løpshelg for Dennis Hauger er 1. til 3. juli på Silverstone i Storbritannia.