Måtte legge opp etter hovudskade, no vil stjernene endre «machokulturen»

Den svenske hockeyprofilen Johan Franzén har framleis store problem etter ei tre år gammal hjerneristing. No ber fleire hockeyprofilar om at det blir gjort grep for å hindre liknande skadar.

IHOCKEY-WORLD-SWE-RUS

SKADD: Johan Franzén ligg nede etter ein skade han fekk mot Russland i 2012-VM. For tre år sidan fekk Franzén skaden som no pregar han i dagleglivet. Han har framleis to år igjen av kontrakten med Detroit Red Wings, men kjem ikkje til å kunne spele fleire kampar.

Foto: JONATHAN NACKSTRAND / Afp

Det er den svenske avisa Expressen som skriv den tragiske historia om Franzén. Det var i oktober 2015 Detroit Red Wings-spelaren vart hardt takla av Rob Klinkhammer.

Smellen i hovudet kunne først verke som ei vanleg hjerneristing, men viste seg å vere så alvorleg at han måtte legge opp som hockeyspelar. Dessutan har den no 38 år gamle Franzén store utfordringar med hovudskaden i kvardagen.

– Det er tøft og tragisk at det skal gå langt som dette. No håper vi på det beste for «Frasse» og familien hans. Helsa må gå først. Hockeyen kjem i andre rekkje, seier Colorado Avalanche-kaptein Gabriel Landeskog til avisa.

CZECH ICE HOCKEY WC

Det kan gå hardt føre seg i ishockey, ein idrett prega av mange tøffe duellar. Her frå ein kamp mellom Tsjekkia og Canada i 2004.

Foto: CHRISTOF STACHE / Ap

Vil endre kulturen

Johan Franzén si historie er dessverre ikkje eineståande. Også fleire andre hockeyspelarar har blitt nøydde til å legge legge opp grunna hovudskadar. Derfor ønskjer fleire hockeyprofilar å endre den såkalla «machokulturen».

– Eg har fleire nære kompisar som har blitt tvinga til å slutte i tidleg alder. Det er skummelt å tenke på og ein får perspektiv på ting. Det her kan ta slutt på berre éin kamp, seier Vancouver Canucks-keeper Jacob Markström til Expressen.

SPO-HKO-HKN-VANCOUVER-CANUCKS-V-VEGAS-GOLDEN-KNIGHTS

Vancouver Canucks-keeper Jakob Markström.

Foto: Ethan Miller / AFP

– Alvorlege greier

William Karlsson i Vegas Golden Knights supplerer:

– Det er viktig å vise respekt for kvarandre. Om han du skal takle verkeleg ikkje er med på det må du tenkje deg om. Skal du verkeleg køyre over han? Då må du i alle fall sjå til at du ikkje treffer hovudet til spelaren, seier Karlsson.

Som er klar på at han vil ha "machokulturen" heilt vekk.

– Ein må ikkje frykte kva trenaren eller andre på laget seier om du ikkje tek ein slåstkamp på bana. Dette er alvorleg greier.

– Tek sikkerheita på alvor

Jacob Markström er einig, men meiner «machokulturen» er på veg i rett retning. Får du ein smell i hovudet blir du tatt av bana. Og ifølgje NHL – altså den nordamerikanske hockeyligaen – er hovudskadar noko dei tek på det største alvor.

– Vitskapen på dette feltet er kanskje ikkje så utvikla som ein skulle tru. Det er viktig for vår liga å ligge i forkant. Vi tek veldig alvorleg på sikkerheita, seier nestleiaren i NHL, Bill Daly, ifølgje Expressen.

Johan Franzén har sjølv heldt seg unna det offentlege rom etter skaden for tre år sidan. Men kona Cecilia har blogga om den tragiske situasjonen. Ho fortel om ein vanskeleg kvardag, men dei har fått hjelp på eit institutt for personar innan idretten og det militære med traumatiske hjerneskadar.

– Eg er svært glad for at vi har funne denne fantastiske plassen, har kona blogga.

OS 2010 ICE HOCKEY WEB_SPORT

Johan Franzén jubla for scoring for Sverige under 2010-OL.

Foto: Claudio Bresciani / SCANPIX / NTB scanpix

Siste nytt

  • Friidretten fryser OL-kvalifisering

    Det internasjonale friidrettsforbundet har satt kvalifiseringsperioden for Tokyo-OL på vent til desember. Det skriver de i en pressemelding.

    Det betyr at det ikke vil være mulig å kvalifisere seg til OL frem til 1. desember. Utøvere som allerede er kvalifisert etter at kvalifiseringsperioden åpnet i fjor, vil fortsatt være kvalifisert.

    Avgjørelsen er tatt etter samtaler med utøverkommisjonen. Resultater oppnådd før 1. desember kan registreres som verdensrekorder, kontinentale eller nasjonale rekorder, men de vil ikke kvalifisere til OL eller telle på verdensrankingen.

    FILE PHOTO: A 3D printed Olympics logo is seen in front of displayed "Tokyo 2021" words in this illustration
    Foto: Dado Ruvic / Reuters
  • Eliteseriestart utsatt igjen

    Forbudet mot idrettsarrangementer til 15. juni betyr at Norges Fotballforbunds planer for sesongstart i norsk toppfotball må utsettes igjen.

    Kulturminister Abid Raja (V) opplyste tirsdag at regjeringens tiltak for å hindre videre smitte av koronaviruset forlenges inn i juni. Folk skal holde minst to meters avstand til hverandre og ikke samles i grupper på flere enn fem.

    – Det finnes en rekke scenarioer nede på tegnebrettet hos oss, men de avhenger helt av hvor lenge denne krisen varer og hvilke muligheter vi har på de gjenstående dagene i 2020, sa NFFs generalsekretær Pål Bjerketvedt til NTB mandag.

    Eliteserien fotball 2019: Rosenborg - Ranheim (3-2).
    Foto: Ole Martin Wold / NTB scanpix
  • Bislett Games utsatt

    Bislett Games, som skulle vært arrangert 11. juni 2020, blir utsatt eller avlyst.

    – Vi jobber nå med alternative kalendere. Det jobbes også med alternative formater. Over påske kommer Diamond League ut med en pressemelding hvor man har noe å melde. Det samme gjør vi fra Bislett, sier stevneleder Steinar Hoen til NRK.

    Han sier han støtter tiltakene som regjeringen har gjort, og vil jobbe med å finne en løsning for å arrangere et Bislett Games, i ett eller annet format, senere.

    Bislett Games 2019
    Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

Sendeplan

Kl. Program Kanal