Svensk EM-vinnar teken i doping
Robel Fsiha vann EM i terrengløp i desember i konkurranse mot Filip Ingebrigtsen og Didrik Tønseth. EM-gullet var hans store gjennombrot, men no er den svenske løparen med eritreisk bakgrunn teken for å ha brukt eit ulovleg stoff. Dopingprøven vart teken i november, før EM i Portugal.
– Analyseresultatet inneber at Robel Fsiha er utestengd inntil vidare og framleis under etterforsking. På noverande tidspunkt kan informasjon om substans ikkje bli oppgitt, og dom i saka er ikkje avgjort, skriv Svensk Friidrott på sine nettsider.