NRK Meny
Normal

Svendsen reiste ikkje til Russland: – Følte at sesongen var over

Emil Hegle Svendsen kom aldri på flyet til Khanty-Mansijsk måndag. Dermed er sesongen over.

BIATHLON-WORLD-NORWAY

GÅR IKKE SESONGENS SISTE RENN: Norges ankermann på stafett, Emil Hegle Svendsen, har valgt å stå over helgens verdenscupavslutning.

Foto: JONATHAN NACKSTRAND / Afp

I dag stod eit charterfly og venta på gullvinnarane på Gardermoen. Sjølv om eit fantastisk VM på heimebane var over i går, bar det rett til Sibir og verdscupavslutning for skiskyttarane dagen der på.

Men på flyplassen dukka aldri Emil Hegle Svendsen opp.

Treng overskot

– Han følte at sesongen var slutt og var ikkje sikker på om han ville klare å prestere noko her borte, seier landslagstrenar Egil Gjelland til NRK trygt framme på russisk jord.

I ei pressemelding frå Norges Skiskytterforbund seier Svendsen at han treng å samle overskot.

– Eg er veldig fornøgd med gull og bronse frå VM. Utover det har ikkje resultata vore slik eg håpa. Eg treng å få tilbake overskot og energi etter VM, og vel derfor ikkje å dra til Khanty, seier Svendsen.

Så seint som ved innsjekkinga på Gardermoen måndag morgon sa Gjelland til NRK at planen var at Svendsen skulle til Russland. Men det blei aldri tilfelle for ein sliten Svendsen.

– Det er ei totalvurdering i forhold til overskot, lyst og behov, skriv Svendsen i ein SMS til NRK.

Egil Gjelland er einig i avgjerda og er imponert over snuoperasjonen Svendsen gjorde inn mot VM.

– Emil har gjort ein fenomenal jobb inn mot meisterskapet. På stafetten brukte han mykje av seg sjølv og var vel eigentleg heilt tom etter det. Eg synest det var ei riktig avgjerd å avslutte sesongen i Kollen, seier Gjelland.

Emil Hegle Svendsen er norges ankermann og får æren av å krysse målstreken først.

– Ein svingande sesong

Svendsen hadde ein tung start på meisterskapet, han blei vraka på mixed-stafetten og kom inn på 17.plass på sprinten. På jaktstarten snudde alt da trønderen gjekk seg kraftig opp og sikra seg sin einaste individuelle medalje på heimebane med bronse.

På normaldistansen var det natta igjen, mens han imponerte alle da han avgjorde VM-stafetten på siste etappe og gjekk Norge inn til gull.

– Var det kroppen eller hovudet som var mest sliten nå?

– Hovudsakleg var det kroppen, seier Gjelland som oppsummerer sesongen til Svendsen som svingande.

– Den har vore litt stong-ut. Det er mykje som har vore bra. Viss ein ser på stafetten og korleis han handterte den situasjonen der, så seier det mykje om kvifor han gjekk den sisteetappen.

– Er det heilt sikkert at han fortsett?

– Det skal han få svare på sjølv. Men han har sagt han skal fortsette, seier landslagstrenaren.

Verdscupavslutninga i skiskyting frå Khanty- Mansijsk kan du fylgje på NRK frå torsdag til søndag. Kvinnene er fyrst ute med sprint 14.10 på NRK1 på torsdag.

VM er over. Vi oppsummerer dei fantastiske prestasjonane.

Siste nytt

  • Ødegaard ikke med til Tallinn

    Martin Ødegaard er som eneste spiller vraket fra Real Madrid-troppen til kampen mot Atlético Madrid i Tallinn onsdag kveld. Det tolkes som at han er på vei bort. Fra 30-mannstroppen som møtte AC Milan manglet nemlig kun Ødegaard.

    Martin Ødegaard
    Foto: Berit Roald / NTB scanpix
  • Kan bli slutt på OL-ishockey

    Ishockey for menn kan bli teke heilt ut av OL-programmet i Beijing i 2022, ifølgje presidenten i det internasjonale ishockeyforbundet René Fasel, melder sportbladet.se.

    Det er eitt av fire alternativ IIHF har lagt fram. Dei tre andre er å få med NHL-spelarane som tidlegare, ei turnering utan NHL-spelarar slik som sist vinter, og å arrangere OL som U23-turnering.

    Ishockey under OL
    Foto: KIM KYUNG-HOON / Reuters
  • Jim «The Anvil» Neidhart er død

    Den tidligere World Wrestling Entertainment-utøveren Jim «The Anvil» Neidhart (63) døde i går av hodeskader etter et fall i hjemmet sitt i Florida. Neidhart varaktiv i ringen fra 1985 til 1997.

Sendeplan

Kl. Program Kanal
NRK Sport Live
NRK Sport Live
Sport i dag
Sport i dag