– Eg kjem definitivt ikkje til å slutte etter denne sesongen, seier Sven Kramer til NRK.
– Eg har det moro med livet som skøyteløpar.
Kramer tek dermed livet av spekulasjonane om at årets OL-sesong blir den siste for det nederlandske skøyteesset – kanskje den største skøyteløparen i historia.
Han har vunne nesten alt som er verd å vinne, og kan ta sitt tiande allround-VM på heimebane i Amsterdam i mars. I mellomtida har han kanskje også sikra seg den einaste tittelen han saknar: OL-gullet på 10.000 m.
Er ikkje mett enno
Derfor har mange trudd at 31-åringen er mett. Men det er han ikkje.
– Eg har lyst å halde fram med skøyter. Eg veit ikkje kor mange år, kanskje eitt eller to eller tre. Eg har ikkje teke standpunkt til det enno. Eg har det moro, og det er det viktigaste, seier Kramer.
Han og resten av det nederlandske laget reiste til Italia etter løpa i Calgary sist helg, der han vann 5000-meteren. Dei stiller derfor ikkje i verdscupløpa i Salt Lake City komande helg.
– Nei, vi har OL-uttak i romjula, og vil derfor tilbake til Europa no, seier Kramer.
Vil stille opp i EM
Han ser heller ikkje bort frå at han stiller i EM i Kolomna i Russland første helga i januar. Årets EM omfattar berre enkeltdistansar, og Noreg sine beste skøyteløpare har allereie bestemt seg for å ikkje stille opp.
– Om alt går bra, vil eg gå i EM, seier han.
Og han ønskjer å ta tilbake verdsrekorden på 10.000-meteren. Den mista han til nederlandsk-kanadiske Ted-Jan Bloemen som gjekk på 12.36,30 for to år sidan.
– Ja, sjølvsagt vil eg det. Kanskje i OL i Korea, seier han. I prøve-OL sist sesong gjekk han på 12.38,89, og OL-arenaen er låglandsbane.
– Det er fullt mogeleg å ta rekorden der i OL. Om det ikkje går, prøver eg neste sesong, seier Sven Kramer.