NRK Meny
Normal

Sveitsisk sprintstjerne: – Håpar å sjå Johaug i OL

Astrid Uhrenholdt Jacobsen er glad for at også utanlandske skiløparar ønskjer Therese Johaug på startstreken i OL.

Laurien van der Graaff

STØTTE: – Therese er litt av ei rockestjerne i langrenn, og sporten vår treng det, seier Laurien van der Graaff

Foto: Jorunn Hatling / NRK

– Eg håpar at ho kjem til OL. Ho er litt av ei rockestjerne på jentesida, og det er godt for langrennssporten å ha slike personar på start, seier Laurien van der Graaff.

Den sveitsiske sprintaren er på Toppidrettsveka på Nordmøre, og følgjer nøye med på utviklinga i Johaug-saka.

– Ho har det ikkje så lett, seier van der Graff rett etter at det har blitt klart at Johaug må vente endå nokre dagar på avgjerda i CAS, idrettens høgaste domstol.

– Merkar du at det norske folk er veldig opptatt av denne saka?

– Ja, det merker vi på alle. Ho er den stor stjerna, det seier seg sjølv at interessa er stor.

– Det er alltid best når alle dei beste er med. Vi må berre sjå kva dommarane i Sveits seier, legger ho til.

Glad for utanlandsk støtte

Line Sömskar

STØTTE: Linn Sömskar ønskjer Therese Johaug på startstreken under OL

Foto: Jon Olav Nesvold / NTB scanpix

Astrid Uhrenholdt Jacobsen synest det er godt med støtte frå utanlandske løparar.

– Eg trur dei fleste har medkjensle med henne, og mange viser empati. Det er fleire som ser at den feilen ho gjorde, kunne blitt gjort av mange.

– Therese er ein av dei beste skiløparane, og alle vil ha dei beste på start i store konkurransar. Eg er glad utlendingane er av same meining som det vi er, seier Jacobsen.

Johaug: – Ingenting overraskar meg

CAS varsla at dommen i Johaug-saka skulle komme fredag, men torsdag blei det altså klart at den er utsett til tysdag.

På spørsmål om kva Johaug tenkjer om at det blir slik, svarte ho følgjande til NRK torsdag:

– Nei, for å vere heilt ærleg er det ingenting som overraskar meg lenger i dette systemet her. Men det er mange kjensler som ligg i dette. Eg hadde håpa på ei avklaring i morgon.

Dersom 29-åringen blir utestengd i 16 månader eller meir, mister den norske langrennsstjerna OL.

Video: Gråtkjøvd Johaug om utsettinga

En gråtkvalt Therese Johaug er skuffet over at hun fortsatt må vente på dopingavgjørelsen fra CAS.

SKUFFA: Therese Johaug er på høydeopphold i Seiser Alm. Det var her ho torsdag fekk beskjeden om at dopingavgjerda er utsett.

Siste nytt

  • Bjørnsen til EM-finale på 100 meter

    Susann Bjørnsen er klar for finalen på 100 meter medley under kortbane-EM i svømming i København. Hun satte personlig rekord med 59,65 i semifinalen torsdag. Bjørnsen var langt framme etter butterfly, men falt tilbake til sjetteplass etter ryggsvømmingen.

    SUSANN
    Foto: Jessica Gow/TT / NTB scanpix
  • Haugen foreløpig på 2.-plass

    Kristine Gjelsten Haugen er på 2.-plass etter første omgang i europacuprennet i storslalåm i Andalo. Finaleomgangen ble utsatt til fredag. Det er annen uke på rad at Haugen legger seg torsdag med halvgjort jobb i et europacuprenn.

    US Alpine World Cup Skiing Leona Popovic, Kristine Gjelsten Haugen
    Foto: Charles Krupa / AP
  • Kuzmina vant på svart norsk dag

    Anastasia Kuzmina var suverent best på kvinnenes sprint i Annecy torsdag ettermiddag. Hun vant 33,9 sekunder foran Laura Dahlmeier, som ble toer.

    Thekla Brun-Lie ble beste norske på 38. plass.

    Anastasia Kuzmina
    Foto: Joe Klamar / AFP

Sendeplan

Kl. Program Kanal