Stort arbeidspress er årsaka til at Svartdal teller på knappane.
- Eg har mange andre ting å bruke livet på, så eg har har ikkje personlege motiv for å ha denne jobben her, seier han til NRK.
Mellom første januar og palmesøndag er det 76 dagar. Av dei har Audun Svartdal vore på reisefot 67 dagar. Difor kan det gå mot at han skil lag med skiskyttarforbundet, kontrakta går ut etter denne sesongen.
- Jobben sluker ein med hud og hår. Det er ekstremt stor reisebelastning, seier Svartdal.
Svartdal ventar på eit utspel frå forbundet. Der har president Tore Bøygard den siste tida opplevd at idrettssjef Alf Koksvik og herretrenar Kjell Ove Oftedal har trekt seg. Det er ukjent at og kvinnetrenaren tel på knappane.
- Vi har ikkje fått andre signal enn at Alf koksvik seier opp som idrettssjef og at Oftedal har bedt om avløysing. Det er det konkrete vi har å halde oss til, seier Bøygard.