NRK Meny
Normal

Svarar idrettsprofessor: – Fjernt frå realiteten

Inggard Lereim let seg sjeldan overraske over nye utspel i dopingdebatten, men kronikken til professor Jan Ove Tangen skuffar den erfarne dopingjegeren.

 Inggard Lereim

DOPINGJEGER: Inggard Lereim har over 40 års erfaring med antidopingarbeid.

Foto: Åserud, Lise / NTB scanpix

I ein kronikk publisert på Forskning.no tysdag lanserer idrettsprofessor Jan Ove Tangen eit nytt og radikalt forslag.

– Doping bør vere tillate så framt utøvarane medisinerast og kontrollerast av eit kompetent medisinsk støtteapparat, seier han til NRK.

Det får dopingjeger Inggard Lereim til å reagere.

– Hans argumentasjonsrekke er fjernt frå realiteten, i alle fall i den medisinske verda, kontrar Lereim.

– Høyrt det før

Eit av dei fremste argumenta til Tangen er ressursbruken i antidopingarbeidet, og at ein ville komme billegare unna ved regulering av dei no forbodne dopingmidlane.

Jan Ove Tangen

VIL OPNE FOR DOPING: Jan Ove Tangen er professor i idrettssosiologi ved Høgskolen i Sørøst-Norge.

Foto: Privat

Lereim, som har over 40 års erfaring med antidopingarbeid, seier det ikkje er første gong han er ute for slike haldningar.

– Eg har høyrt slike forslag tidlegare. Men då frå land som er kjend for å stå i forkant når det gjeld doping, og ikkje antidoping. Den viktigaste grunnen til å drive antidopingarbeid er å førebyggje helseskade, seier Lereim til NRK.

Han påpeiker at dei potensielle helseskadane med å lovleggjere doping kan bli større enn dagens bruk av pengar på antidopingarbeid.

– Det at dopingkontroll er dyrt er ikkje noko argument. Det er faktisk ganske billig i forhold til helseskadar knytte til doping.

– Livsfarleg

Styremedlem i verdas antidopingbyrå (WADA), Thorhild Widvey har berre ein ting å seie om utspelet frå professoren.

– Det er ein avsporing av heile debatten, seier Widvey til NRK.

Lereim meiner også at det i tillegg til økonomiske konsekvensar kan øydelegge mange liv.

– Det finst eit utal dopingmiddel som er livsfarleg i bokstaveleg forstand, og fleire som kan gje varige men. Å forhindre slike helseskadar har vore min hovudmotivasjon sidan eg byrja med dette for over 40 år sidan.

– I tillegg har ein faren for å ryke ut med andre typar narkotika, ikkje berre idrettsdop.

Tangen på si side meiner ein bør lovleggjere doping, men med strenge helsekontrollar.

– Doping bør vere tillate i nasjonal og internasjonal toppidrett. Det ein sparar på antidopingarbeid og dopingkontrollar kan i staden brukast på helsekontrollar av utøvarane.

Eit argument Lereim avfeiar bastant.

– Eg er glad eg har helseutdanning når eg ser slike utspel.

Synst synd på kronikkforfattaren

Tangen avsluttar kronikken sin med å stille det retoriske spørsmålet:

– Dessutan, er doping meir urettferdig enn at nokon er begunstiga med betre gener enn sine konkurrentar, og at nokon land har meir ressursar og kunnskap til talentspeiding og prestasjonsutvikling enn andre ressurssvake land? Og er det etisk å forby doping når me elles hevdar at mennesket har fri vilje?

Lereim er for ein gongs skuld overraska over utspelet, særleg på bakgrunn av stillinga til Tangen, som jobbar som professor ved Høgskolen i Sørøst-Norge.

– Eg synst det underleg at ein frå ein lærestol på ein norsk skule kjem med slike argument, det er noko overraskande. Eg synst litt synd på den som har bringa fram dette også.

Antidoping Norge vil ikkje kommentere saka.

Siste nytt

  • Dansk seier i Tour de France

    Magnus Cort Nielsen syklet inn til seier på den 15. etappen i Tour de France. Astana-syklisten angrep ved 200-metersmerket og spurtet inn til seier på lekkert vis. Hans første seier i Tour de France og danskenes første seieren siden 2009.

    Tour de France
    Foto: Stephane Mahe / Reuters
  • Klare for EM-finale

    Anders Mol og Christian Sørum er klare for EM-finale etter en overbevisende oppvisning mot spanske Pablo Herrera og Adruab Gavira. Den norske duoen vant 2-0 med settsifrene 21-19, 21-16.

    Anders Mol & Christian Sørum
    Foto: NORGES VOLLEYBALLFORBUND
  • Sesongbeste for Amalie Iuel

    Iuel løp 400 meter flatt på tiden 51.99 Det er sesongbeste, 18 hundredeler bak hennes personlige rekord, og under EM-kravet. Hun kan derfor velge å også løpe flatt i EM selvom hekk er hovedøvelsen.

    Amalie Iuel
    Foto: Ali Iqbal Tahir/NRK

Sendeplan

Kl. Program Kanal
X Games Minneapolis
OL-profiler: Marcus Kleveland
X Games: Skateboard, street