Dommar Svein Oddvar Moen frå Haugesund er ein av 19 som kjempar om å bli ein av Europa sine ti dommarar i VM neste sommar.
Dommarsjef Rune Pedersen i fotballforbundet meiner Moen ligg svært godt an.
– Han dømmer godt og har god kontroll på alle dei vanskelege kampane han har fått tildelt, seier Pedersen til NRK.no.
Det største for ein dommar
Å delta i VM er ikkje berre det største ein fotballspelar kan oppleva. Det er òg det gjævaste for ein toppdommar.
– Det er det ingen tvil om. Det er ei stor anerkjenning å bli tatt ut til VM, seier Pedersen.
Det har vore eit utruleg år for Svein Oddvar Moen og assistentane hans. Haustsesongen blei avslutta denne veka med cupfinale på Ullevaal og meisterligakampen mellom Bayer Leverkusen og Manchester United.
Nå drøymer Haugar-dommaren om VM i Brasil.
– Sjansane for VM blir større og større, og det er det store målet. Samtidig er nålauge trongt, seier han til NRK.no.
Kan blir den første sidan 2002
Han føler han har levert i dommardrakta den siste tida.
– Eg føler teamet har gjort det bra, så spørst det om det er andre som er betre enn oss. Livet går uansett vidare om me ikkje når opp, og om to år er det EM, seier Moen.
Dersom Svein Oddvar Moen blir klar for VM, blir han den første norske VM-dommaren sidan 2002.