NRK Meny
Normal

Magesjau øydela for Sundby: – Det var brutalt

Martin Johnsrud Sundby sleit med magen natta før Tour-asvlutninga, og greidde aldri å bli farleg for Sergej Ustjugov opp «Monsterbakken». Russaren vann Tour de Ski suverent.

Sergej Ustjugov var overlegent best opp «monsterbakken» og vant Tour de Ski. Martin Johnsrud Sundby ble nummer to, 1,02 bak.

Laster innhold, vennligst vent..

– Det var brutalt, sa Martin Johnsrud Sundby til NRK etter at han måtte sjå Sergej Ustjugov klart framfor seg opp bakken i Val di Fiemme.

– Eg har lege med magesjau i natt, og det var ei seig oppladning. Det var kjedeleg, seier han.

– Verdig vinnar

Men Sundby rosar samstundes Ustjugov.

– Han er ein verdig vinnar. Avstanden var for stor, og eg hadde nok hatt små sjansar uansett, seier han.

Sjå Sumdby-intervjuet her:

Martin Johnsrud Sundby endte på andreplass i monsterbakken og kjente på følgene av å ha magesjau hele natten. Likevel unner han russeren seieren.

Ustjugov starta 1.11 føre Sundby, med Cologna over to minutt bak. Den avstanden heldt til halvveges av dei ni kilometrane.

Då stigninga inn mot dan avsluttande bakken tok til, tok Sundby også til å knappe innpå. Men ikkje nok. To kilometer før mål var avstanden 53 sekund, og nærmare kom ikkje nordmannen.

Ville sikre andreplassen

– Då forstod han at han var sjanselaus på Ustjugov, og ville sikre andreplassen, seier landslagssjef Tor Arne Hetland.

Sundby makta ikkje å kome nærmare russaren opp dei tøffe svingane på den siste kilometeren. Mot slutten tapte han terreng til Ustjugov, som hadde krefter igjen.

– Han går så det ljomar i fjella, sa NRKs ekspert Torgeir Bjørn under direktesendinga.

Sju nasjonar på topp sju

Sundby var til slutt 1.02 bak Ustjugov. Cologna gjekk klokt opp bakken og tok tredjeplassen, etter å ha vore trua av både Maurice Magnificat og Matti Heikkinen.

Simen Hegstad Kruger blei nest beste nordmann på åttandeplass.

– Vi har hatt harde tider i det siste, så dette er stort for oss og for Sergej, sa Russlands landslagstrenar Markus Cramer.

Han sa han håpar at dei suspenderte løparane snart er tilbake. Men i dag gleda han seg berre over Ustjugovs siger.

– Sergej sa han var ekstremt trøytt, men klarte å kjempe heilt inn, seier Cramer.

Dei sju første på resultatlista kom denne gongen frå sju ulike nasjonar.

Siste nytt

  • Kvinnekombinert inn på VM-programmet

    Kombinert for kvinner blir for første gang VM-øvelse i Oberstdorf i 2021, sammen med lagkonkurranse i hopp for kvinner. Det ble klart på FIS-kongressen i greske Costa Navarino fredag.

  • – Ronaldo tilbudt å betale 140 mill.

    Cristiano Ronaldo skal ifølge avisen El Mundo ha foreslått å betale de over 140 mill. kronene (14,7 mill. euro) han er skyldig i skatt til spanske myndigheter. Ronaldo er beskyldt for å ha unndratt skatt gjennom å bruke skatteparadiser i utlandet i årene 2011 til 2014.

    Spain Soccer La Liga
    Foto: Emilio Morenatti / AP
  • Junior-VM i alpint 2020 til Narvik

    Narvik skal arrangere junior-VM i alpint 2020. Det ble besluttet på FIS-kongressen i Hellas torsdag. Mesterskapet skal arrangeres 5.–15. mars 2020. I Narvik jobbes det for å få senior-VM i 2025.

Sendeplan

Kl. Program Kanal