– Eg var frykteleg nervøs og ville eigentleg berre reise heim, seier Marit Bjørgen og ler i sigersintervjuet rett etter målgang.
Burde ha lagt opp
For sjølv om Marit Bjørgen hadde heile 15 VM-gull bak seg var ho svært nervøs før dagens 10 kilometer klassisk.
– Eg spurde meg sjølv fleire gonger kvifor eg driv med dette. Men det er eigentleg ein god eigenskap. Nervøsiteten gjer meg ekstra skjerpa, og eg trur ikkje eg hadde gått bra på ski utan den, fortel ein glad Bjørgen.
Og gullet var ikkje berre Rognes-jentas 16. gull, det var også gullet med størst sigersmargin.
Før dagens gull var den største sigersmarginen 8,9 sekund frå 15-kilometeren med skibyte i OL i Sotsji, da Bjørgen vann med 8,9 sekund.
I dag tok gullet med heile 41 sekund ned til Charlotte Kalla og 55 sekund ned til bronsevinnar Astrid Uhrenholdt Jacobsen.
– Dei andre er rett og slett ikkje i nærleiken. Ein må undre seg om nokon blir større nokon gong, seier kommentator Jann Post i det Marit Bjørgen jublar over målstreken.
Tok kommandoen frå start
Det var aldri noko tvil på dagens 10 kilometer klassisk.
Marit Bjørgen starta bak Charlotte Kalla og tok leiinga med 4,9 sekund på den svenske jenta på fyrste mellomtid.
Det var forventa at den finske heimefavoritten Krista Pärmäkoski skulle bli den verste rivalen, men også ho var over fem sekund bak etter 1,5 kilometer.
Weng, Østberg og Kowalczyk var heller ikkje noko nærmare, og det skulle dei heller aldri bli.
– Eg er utruleg fornøgd. Eg synest eg gjekk fort på fyrsterunden, men fekk ikkje så
mange sekund ned til Kalla, så begynte sekunda å renne på andrerunden. Det var ei fantastisk god kjensle, fortel Bjørgen.
Kalla: – Det har vore ein berg og dalbane
Charlotte Kalla kom nærmast, men var til slutt over 40 sekund bak Bjørgen i mål. Den svenske jenta var svært lukkeleg etter å ha tatt sin andre medalje i meisterskapet.
– Det har vore mange kjensler dei siste månedane. Sidan Touren har det blitt betre, men det har vore ein berg og dalbane. Dei siste vekene har eg fått tilbake den gode kjensla og følt meg roleg. Det har vore herleg før meisterskapet, seier Kalla.
Astrid Uhrenholdt Jacobsen fekk til ein fantastisk avslutning og sikra ein svært gledeleg bronsemedalje.
Sjølv om Jacobsen har VM-gull frå før, var dette ein av hennar aller største dagar i karrieren.
– Eg trur det er det største eg har gjort. Det var stort i Sapporo da eg tok VM-gull, men det ligg hardare jobb bak denne medaljen, seier Jacobsen.