Hopp til innhold

Sjakkstjerne hevdar ho har løysinga for å fjerne juks for godt

Det skal ekstremt lite til for å fungere og er enormt vanskeleg å avsløre. Juksing i sjakk blir hevda å vere eit omfattande problem – men ein tidlegare verdseinar hevdar ho har løysinga.

Sjakkspiller Susan Polgar

LANSERER LØYSINGAR MOT SJAKK-JUKS: Susan Polgar var den første kvinna som fekk stormeister-tittelen gjennom turneringsspel. No deler ho sine idear mot juks i sporten.

Foto: Susan Polgar Foundation

Utan ein gong å nemne ordet «juks», sette Magnus Carlsen juksing i sjakken på dagsordenen då han trekte seg frå Sinquefield Cup via ei kryptisk Twitter-melding for over tre veker sidan.

Sidan den gong har situasjonen utvikla seg større og større – og til slutt kom verdsmeisteren med ei fråsegn der han skulda Hans Niemann for juks.

No meiner verdseinar Susan Polgar at ho sit på oppskrifta for å fjerne nærare all juks i framtida.

– Viss forslaga mine blir innførte i ei eller anna form, trur eg vi kan eliminere nesten 100 prosent av all juks. Vi ville gjort det skikkeleg vanskeleg å jukse, seier Polgar til NRK.

NRKs sjakkekspert Torstein Bae meiner det er gode forslag mot juks, men at nokre av dei kan føre til andre problem. Her er dei:

Forsinke TV-sendinga med 30 minutt

Susan Polgar meiner at dersom sjølve sjakksendinga blir sendt med forseinking, vil det hindre at ein får hjelp frå personar som følgjer sendinga heimanfrå.

Sjakkspiller Susan Polgar

STOR PROFIL: Susan Polgar.

Foto: Susan Polgar Foundation

Personen som sit heime kan søkje opp kva som er dei beste trekka ved hjelp av datamaskin, og dele informasjonen gjennom ein mellommann i salen, som deretter gir signal til spelaren som sit ved bordet.

Dette skal franske Sébastien Feller ha gjort under sjakk-OL i 2010. Han vart i ettertid funne skuldig av Fide, saman med lagkameratane Cyril Marzolo og Arnaud Hauchard.

– Viss det er ei forseinking på, la oss seie ein halvtime, vil det bli vanskeleg å få hjelp, seier Polgar, som også fortel at ein del storturneringar har innført ei TV-forseinking på 15 minutt.

Ingen elektronikk tillate

Dette er allereie ein gjeldande regel i sjakkturneringar. Likevel finst det moglegheiter for å ikkje bli oppdaga slik det er i dag.

Medan ein telefon på toalettet kan vere ein lettare måte å bli teken på, finst det øyreproppar som er så små at dei ikkje blir oppdaga av metalldetektor.

Polgar er usikker på korleis ein skal klare å oppdage dei små øyreproppane.

– Den er vanskeleg, men det er problemet med all juks og svindel. Vi må prøve å henge med, og gjere meir for å forhindre det. Veit ein den nyaste og vanskelegaste måten å jukse på, så meiner eg at Fide og andre arrangørar må sjå etter måtar å finne løysinga mot det, seier Polgar.

Les også Sjakkdommar avslører juksemetodar: – Eit større problem enn ein trur

Hans Niemann og Magnus Carlsen.

Berre tilskodarar dei første 15–30 minutta

Tilskodarar kan også brukast til juks. Eit lite fysisk teikn frå publikum – som til dømes å klø seg bak øyret – kan vere ein god nok beskjed for ein sjakkspelar, dersom det er gjort ein avtale på førehand om kva teiknet betyr.

Om ein ber tilskodarane om å reise etter ein halvtime, vil det luke bort potensiell hjelp frå salen.

– Om ein då føreser at ingen elektronikk er til stades, så vil eg seie at 99,9 prosent av all juks forsvinn. Har ein spelar eit team bak seg, som til dømes sit heime, er det framleis ingen som kan gi informasjonen til spelaren i salen, seier ho.

– Det vil gjere det umogleg å jukse.

Norway Chess

POPULÆR: Magnus Carlsen trekkjer mange fans når han speler sjakk. Her under Norway Chess i Stavanger.

Foto: Carina Johansen / NTB

Første juksemisferd = 2 til 5 års utestenging

Polgar foreslår ei endå strengare straff for juks enn det er i dag. Slik regelverk er i dag kan ein straffast med opp til tre års utestenging frå alle Fide-arrangement første gongen ein blir teken for juks.

Det trur ho vil sende eit sterkt signal mot sjakkspelarar.

– Er frykta for straffa sterk nok, vil nok flest unngå å jukse, som i livet elles. Kan du hamne i fengsel, få straff eller miste lisens, pleier folk å vere meir forsiktige.

Andre juksemisferd = Utestenging på livstid

Skulle ein finne på å jukse endå ein gong, ønskjer ikkje Polgar å gi ein ny sjanse. Medan dagens regelverk opnar for opp til 15 års utestenging frå alle Fide-arrangement, vil Polgar at spelaren blir utestengd for livstid dersom det er den andre gongen ein blir teken for juks.

Det meiner ho ein må ta med ei klype salt.

– Dette er veldig generelle retningslinjer, på same måte som med kor lang forseinkingstida på TV skal vere, seier Polgar.

Ho trur at spesielt punkt fire og fem vil verke førebyggjande mot juks på lågare nivå. Der mange av hennar forslag allereie har vorte innført i eliteturneringar som VM, OL og Sinquefield Cup, har mange av turneringane på lågare nivå ikkje same kapasitet eller ressursar til det.

– Juks i sjakk har vore eit enormt problem i mange år. Og spesielt på lågare nivå, er det verkeleg eit seriøst problem. Å skremme spelarar med potensielle konsekvensar, gjer at ein tenkjer seg om to gonger, seier Polgar.

Sjakkekspert fryktar andre problem

NRKs sjakkekspert Torstein Bae trur dei fleste er samde når ein snakkar om utestenging etter juks. Han meiner forslaga er gode om man vil fjerne juks.

Men han fryktar nokre av forslaga kan øydeleggje opplevinga for TV-sjåarar og publikum.

– Det ein er på veg mot er at sjakkspelarar blir isolerte i «real time». Då kan vi ende med at spelaren sit i eit bur i fire timar og seier etterpå at han eller ho vann, seier Bae.

Torstein Bae i NRKs studio under sjakk-VM.

REAGERER: NRKs sjakkekspert Torstein Bae.

Foto: Erik Johansen / NTB

Han kjem med eit døme:

– Ei forseinka sending er ikkje gunstig TV-messig. Det blir litt som at ein landskamp startar klokka 20, men ein ser den først 20.30 på TV. Kva med publikum? Skal dei også sjåast bort frå? Då må dei ha strenge reglar for å ikkje kommunisere med omverda, og då er ein like langt, meiner Bae.

Med tanke på at det finst andre måtar å jukse på online, trur Bae at sjakken kan gå tilbake til ei meir tradisjonell form.

– Online-sjakk snur vinden litt. Ein veit det er eit kolossalt problem med juks på nettet. Kanskje dette kan føre til meir spel ansikt til ansikt. Det er vanskelegare å jukse då, påpeikar sjakkeksperten.

Han trur det er viktig under fysiske sjakkspel å overvake nøye og eventuelt blokkere trådlause signal.

Sportsnyheter

Leverte under press: – Èn av tingene vi har etterlyst

Hode. Venstre fot. Høyre fot. Ada Hegerberg (28) vartet opp med hat trick i skjebnekampen hjemme mot Portugal.

Siste nytt

  • Hovland skuffet igjen

    Viktor Hovland leverte en ny skuffende runde i World Open på Bahamas. En ny runde over par gjør at han i praksis er ute av seierskampen.

    Hovland har vunnet invitasjonsturneringen to år på rad. Tiger Woods står bak turneringen som har bare 20 deltakere.

    Med to slag over par har Hovland bare fire mann bak seg på lista. Han er ett slag bak Woods, som er på 15.-plass i sin egen turnering.

    Fredagens Hovland-runde startet med bogey både på 1. og 2. hull. Så kom han seg på rett side med birdie på 3., 6. og 9. hull, men en dobbeltbogey på 12. hull sørget for at han igjen var over par.

    En ny snuoperasjon med birdie på 14. og 15. par var til liten nytte da runden ble avsluttet med bogey på 16. og 18. hull. (NTB)

    ZATUY26UQP0
    Foto: AP
  • Hovland skuffet igjen – kan se langt etter seiershattrick på Bahamas

    Viktor Hovland leverte en ny skuffende runde i World Open på Bahamas. En ny runde over par gjør at han i praksis er ute av seierskampen.

    Hovland har vunnet invitasjonsturneringen to år på rad. Tiger Woods står bak turneringen som har bare 20 deltakere.

    Med to slag over par har Hovland bare fire mann bak seg på lista. Han er ett slag bak Woods, som er på 15.-plass i sin egen turnering.

    Fredagens Hovland-runde startet med bogey både på 1. og 2. hull. Så kom han seg på rett side med birdie på 3., 6. og 9. hull, men en dobbeltbogey på 12. hull sørget for at han igjen var over par.

    En ny snuoperasjon med birdie på 14. og 15. par var til liten nytte da runden ble avsluttet med bogey på 16. og 18. hull.

    Scottie Scheffler og Jordan Spieth er i delt ledelse ni slag under par etter henholdsvis seks og fem spilte hull på 2. runde.

    Lucas Glover stjal likevel showet med hull-i-ett på 17. hull.

    (©NTB)

    Viktor Hovland
    Foto: AP
  • Opseth i tårer etter skuffelse

    Silje Opseth skuffet i fredagens hoppkvalifisering i Lysgårdsbakken og ble nummer 50. Dermed får hun ikke hoppe lørdagens renn.

    – Jeg er litt stum. Jeg hadde ikke forventet å være å kjempe i toppen, men at jeg skulle være så langt unna... det er litt skuffende og jeg kjenner på det, sier Opseth til NRK mens hun kjemper mot tårene.

    – Det var ikke sånn jeg håpet å starte sesongen. Det er et slag i trynet, men hoppet er hoppet og jeg får ikke gjort noe med det, fortsetter hun.

    Lagvenninnene Eirin Maria Kvandal og Thea Minyan Bjørseth ble nummer to og tre

    Alexandria Loutitt fra Canada vant kvalifiseringen med et hopp på 90,5 meter, men Kvandal hadde det lengste hoppet på 91,5 meter og endte bare 2,9 poeng bak etter å ha fått dårligere stilkarakterer.

    Bjørseth hoppet 89 meter og var 3,2 poeng bak kvalifiseringsvinneren.

    Også Anna Odine Strøm på 15.-plass (82 meter), Ingvild Synnøve Midtskogen på 34.-plass (80 meter) og Kjersti Græsli på 40.-plass (78 meter) er klare for lørdagens renn.

    NTB / NRK

    Silje Opseth

Sendeplan

Kl. Program Kanal