– Han er skada no og trenger operasjon i foten. Så får vi sjå kor lang tid det er før han er tilbake, sa Solskjær i eit intervju med TV 2 etter kampen.
Det har lenge vore spekulert i at Paul Pogba er på veg vekk frå Manchester United, og då han ikkje dukka opp i troppen som skulle møte Arsenal i dag, var spekulasjonane i gang for fult att.
Før kampen meldte Solskjær til klubben sin eigen kanal dette:
– Pogba? Han er skada. Han har problem med ankelen. Han vil vere ute i nokre veker.
Etter kampen konstaterte altså nordmannen at midtbanespelaren truleg må opererast, noko som kan bety at han blir enda lengre borte.
Solskjær svarte likevel at han trudde Pogba framleis vil vere United-spelar når overgangsvindauget stenger att i slutten av månaden.
Han måtte i tillegg reise heim utan poeng frå den britiske hovudstaden etter å ha tapt 2–0 for Arsenal.
– Vi tapte etter to sigrar. For meg var det ein kamp mellom to lag som har gode kvalitetar. Arsenal var betre enn oss i den første omgangane og vann, kommenterte Ole Gunnar Solskjær etter kampen til TV 2.
Men var rask med å legge til;
– Gutta har jobba hardt dei siste to månadane, sidan vi har hatt opp og nedturar. Vi vil komme tilbake igjen.
Sjokkopning
Det vart ein skikkeleg sjokkopning for Solskjær og hans mannskap på Emirates Stadium i London. Åtte minutt ut i kampen kan Nicolas Pépé sørge for at heimelaget kan sleppe jubelen laus.
Sead Kolasinac blir spelt fri ved dødlinja. Ballen går via Lindelöf til Pépé som kan setje ballen i open mål frå rundt ti meter.
Arsenal som har hatt ein tung sesong starte det nye året som eit heilt nytt lag. Mikel Arteta sine menn var stadig frampå.
To minutt før pause kunne Sokratis Papastathopoulos sørge for at heimelaget kunne gå til pause med 2–0.
Men etter pausen snudde kampen totalt. Det såg rett og slett ut som heimelaget hadde tatt alt ut i første omgang. United var langt farlegare og dominerte den andre omgangen. Men då laget ikkje fekk ballen i mål må Solskjær konstatere at det blir null poeng med heim frå den britiske hovudstaden.
Arsenal haltar seg til 2–0 og tre viktige poeng. Og Mikal Arteta kunne juble over sin første triumf som sjef for Arsenal.
– Han er ein god trenar og han var ein god spelar. Eg trur han kan forbetre kvar spelar. Sesongen vår starta veldig dårleg, men ting kan endre seg, sa David Luiz til BBC etter kampen.
Arsenal rykk dermed opp til 10.-plass på tabellen, fire poeng bak nettopp Manchester United.
– Det er gøy å spele fotball igjen. Det er mykje å forbetre. Den andre omgangen er ikkje som den første. Men vi blir betre for kvar kamp, fortalde Sokratis Papastathopoulos til TV 2 etter kampen.
Kunne nærma seg 4.-plassen
United stod med to sigrar på rad før møtet med Arsenal. Solskjær sinne menn vann 2–0 borte mot Burnley laurdag og ikkje minst den sterke 4–1 sigeren over Newcastle 2. juledag. Noko som også har vore viktig etter det pinlege 2–0 tapet mot Watford før jul.
Dette gjere at raudtrøyene gradvis har tatt viktige byks på tabellen dei siste vekene. Solskjær fekk ei ekstra handsrekning av Chelsea som berre klarte uavgjort Brighton. Dermed hadde laget ein stor sjanse til å redusere luka opp til den viktige fjerdeplassen som gir meisterligaspel.
Etter tapet er det framleis fem poeng opp til fjerdeplassen og Chelsea.
José Mourinho og hans Tottenham fekk også ein brutal start på det nye året med 1–0 tap mot Southampton.