– Viss eg tapar får eg ikkje skyss til neste trening. Eller enda verre, eg må ta kollektivt, ler Karsten Warholm.
Vårt største friidrettstalent har flytta til Oslo. Han har bytta ut trening i havgapet på Sunnmøre med treningsbanen under Bislett. Ennå har han ikkje heilt gjort seg van med storbyen viser det seg når NRK blir med han på straffa etter tapet på lengdeduellen på trening.
– Eg føler meg litt som ein bonde i byen, det er så mykje folk på trikken. Eg er jo vant til å sitte aleine i bilen.
- Les også: Warholms umoglege luksusproblem
Har filtrert ut råda
Tilbake på trening på Bislett. Her får han ei heilt anna matching og gode råd frå noregsrekordhaldar i lengde, Margrethe Renstrøm, enn han ville fått heime i Ulsteinvik.
Men avgjerda om å ta med seg flyttelasset over fjellet var ikkje det einaste viktige valet Warholm måtte lande i haust. To sølv i junior-EM, eitt på 400 meter og eitt på tikamp i Sverige i sommar tvinga fram eit val.
Ekspertar meinte Warholm ville tatt eitt av gulla om han hadde vald vekk ein av øvingane.
– Det er mange som har kome til meg for å gje meg råd, men avgjerda har eg tatt heilt sjølv. Eg føler eg har klart å filtrert ut dei råda eg har fått og fokusert på det som har vore viktig for meg.
Derfor har ikkje valet vore like vanskeleg som ein skulle tru for ein utøvar som på europastatistiken for juniorar er topp fire i fem øvingar og topp 18 i heile åtte øvingar.
– Eg har funne ut at eg har det mest moro med å trene mangekamp. For meg er det å ha det gøy og trivst med treninga, det som kan drive meg vidare og gje meg motivasjon i framtida, seier han og legg til.
– I tillegg er eg redd for at alvoret med berre å ha ei øving ville ha knekt meg. Eg trur det å ha ti forskjellige kort å spele på er ein fordel for meg.
Heilt unik
Den erfarne sprinttrenaren Leif Ove Alnes er ein av Warholms nye trenarar i hovudstaden. Han meiner eleven har tatt eit klokt og sjølvstendig val.
– Mange har veldig mange meiningar, men det viktigaste er kva guten sjølv vil. Viss ikkje idrett er moro, da ser eg ikkje noko poeng med å drive med det, slår Alnes fast.